Bilde 06.12.2022 Klokken 12.46
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv I dag lanserast foreningsportalen!

I dag lanserast foreningsportalen!

06. desember 2022
I over eitt år har vi arbeidd med å lage ein heilt eigen foreningsportal på heimesida vår, og i dag er endeleg dagen her - no er den lansert!

- Det er ei stor glede å endeleg få lansere Vang sin eigen foreningsportal. På www.vangivaldres.no får du no ein fullstendig oversikt over alle lag og foreninger i heile Vang, seier Ida Nordland Hillestad i Innovangsjon. 

Arbeidsgruppa integrerande frivilligheit starta i fjor vår opp prosjektet med å gjere frivilligheita i Vang enno meir synleg, og enno meir tilgjengeleg. Dei har arbeidd med fleire ting i prosjektet, mellom anna har dei presentert mange av laga på heimesida til Innovangsjon, og arrangert frivilligmarknad tidlegare i år.

Og parallelt med dette har dei jobba i kulissane med å stable foreningsportalen på beina.

- Det er veldig stas å jobbe med dette prosjektet fordi dei frivillige laga sjølv kom med innspel til kva dei ønska seg, og ein felles, digital plattform for å samle all informasjon på ein god måte var eit tydeleg ønske frå laga, seier Marte Tangen, leiar for Vang frivilligsentral.

 

Eit godt verktøy for alle i Vang 

Foreningsportalen er eit veldig godt verktøy der folk i Vang kan finne informasjon om laga og deira aktivitetstilbod. I tillegg blir det enklare for frivilligsentralen, Innovangsjon og kommunen å halde oversikt og kommunisere med laga; som til dømes kan verktøyet nyttast til å sende e-post eller sms til alle laga eller relevante kategoriar.

- Når ein skal etablere noko nytt er det alltid ein del jobb i starten, for alle involverte partar, men når alt er oppe og står kjem dette til å bli eit verktøy som forenklar arbeidet for både laga og oss som jobbar med det frivillige feltet. I tillegg til at det blir mykje meir oversiktleg for alle som bur i Vang, seier Tangen. 

Portalen innheld mange fleir enn dei tradisjonelle aktivitets-laga som frivilligsentralen har hatt i sitt register før, som til dømes grunneigarrelaterte lag, politiske parti og fagforeiningar. Arbeidsgruppa meiner at det er ei styrke at portalen viser breidda i foreningslivet, og blir ein relevant informasjonsplass for flest mogleg.

- Det er også verdt å nevne at det er forankra i kommunen, at foreningsportalen skal vere den einaste sida i Vang der samla kontaktinfo over laga ligg, slik at laga skal sleppe å sende oppdatert informasjon til ulike saksbehandlarar, og at innbyggjarane skal sleppe å finne utdaterte lister på ulike nettsider. Det tenkjer vi er veldig positivt, seier Nordland Hillestad. 

Foreningsportalen er inndelt i kategoriar og geografiske områder, og arbeidsgruppa har etter beste evne prøvd å kartlegge kontaktpersonar hos alle. 

Ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun fortel at foreningsportalen vil bli eit særs vitkig tilbod for alle i bygda, og at ein nå kan få ei fullstendig oversikt over aktivitetane i bygda. 

- Både me som har vore i bygda ei tid, men også for dei som kjem til Vang og raskt vil finne ut kva ei kan gjere i Vang, kven ein skal kontakte. Det har vorte ei spanande og oversiktleg side. Eg håpar verkeleg den blir mykje brukt, og eg er takksam for alle frivillige som står på i kommunen vår! seier Eltun.

 

 

Ser fram mot fortsettinga 

Det er stort for arbeidsgruppa å få lansere eit så godt verktøy for alle i heile Vang, og arbeidsgruppa håpar at portalen vil bli godt brukt og vera ein god informasjonskanal. 

- Sjølv om foreningsportalen vår er lansert i dag, er det fortsatt litt småplukk som gjenstår. Blant anna manglar nokre lag å legge inn informasjon, og vi manglar å koble foreningsportalen opp mot kalenderen vår, seier Nordland Hillestad.

- Det er jo absolutt ein av dei store fordelane med portalen, at vi skal få ei god kobling mellom kva skjer-kalenderen, som er godt etablert i bygda, og foreningsportalen der publikum kan finne relevant informasjon om dei som arrangerer aktvitetane. Når denne koblinga er på plass skal også laga kunne publisere sine aktivitetar sjølv, smiler ho.  

- I tillegg er det nokon lag som manglar, som har gått under radaren vår. Om du driv ei frivillig verksemd som burde vore presentert i portalen er det berre å ta kontakt! Vi har også ein dialog med andre etatar i kommunen om kor vidt andre grupper organisasjonar også skal implementerast, så portalen kjem til å utvikle seg vidare i tida som kjem, fortel Tangen.

Prosjektet med å synleggjere frivilligheita i Vang held fram, og arbeidsgruppa jobbar vidare med både foreningsportal, intervju av lag og kanskje nokre nye spanande idear? 

- For frivilligsentralen har Frivillighetens år fungert som ei god ramme for å få meir fokus på kva dei frivillige laga i kommunen driv med, og det har vore enormt givande å bruke året til å synleggjere og løfte fram dei flotte aktivitetane som er drifta av laga. Dette arbeidet skal vi fortsette med framover også, det ser eg fram til, smiler Tangen.

 

Her finn du direktelink til foreningsportalen - ta ein titt da vel! 

I tillegg finn du portalen under ¨aktivitetar¨ oppe i høgre hjørnet.