– Eg er særs takknemleg for at Innovangsjon tørr å satse ungt og at eg får sjansen til å vera med å utvikle Vang vidare. Eg brenn for at heimbygda vår skal vera ein god plass å vekse opp og ein god plass på flytte til, fortel Ida Nordland Hillestad.
Det siste året har ho jobba i lag med Tore (på sporet) Strømøy i avisa Frøya i Trøndelag, men frå sommaren av er det altså heimbygda Vang som gjeld.
– Eg ynskjer å bidra til å løfte Vang opp og fram ved å skape blest og trivsel. Det kan overbevise fleire om å at Vang er ein makalaus plass å bu, samstundes som det er viktig at dei som allereie er vansgjeldingar trivst. Alle lyt inkluderast i bygda, og eg ser fram til å jobbe etter mottoet «Vang byggjer Vang» kvar dag.
Motivert patriot
Ida har vekse opp i Remmisgardane og trivst godt på ein fjellknaus i Jotunheimen med joggeskoa på beina.
– Fjella og utsikta er nok det eg likar aller best med Vang, uansett kvar du dreg er det alltid noko flott å sjå på. Eg har heile vegen vore veldig oppteken av å fortelje folk kor bra Vang er og er nok i kategorien «irriterande glad i heimplassen», fortel Ida med eit smil.
Ho byrjar i Innovangsjon SA i løpet av sommaren der ho jobbar i lag med næringsutviklar og dagleg leiar Dag Inge Bruflot.