Vang kommune har arbeida med med prosjektet «Leva heile livet» og «aldersvennleg samfunn» frå 2021. I denne perioda har dei gjennomført 5 gjestebod og fått gode tilbakemeldingar, som har enda opp i ulike satsingsområder. Desse satsingsområdene er bustadutvikling i Vang, digitalt heile livet, aktivitet i felleskap og møteplasser.
25. mai inviterte kommuna til innspelsmøte på Tyinkrysset fjellstue for alle over 55 år, nettopp for at dei skal kunne gje sine innspel og vera med å forme vegen vidare for prosjektet. Det var fleire ulike temaer som skulle tas opp under møtet, blant anna var det mykje fokus på møteplasser og ulike, trygge turmoglegheiter i nærområdet.
Line Margrethe Svien frå Tyin-Filefjell opna møte med å sei at det lenge har vore eit ynskje å få til eit betre tilbod for pensjonistar på Filefjell. Ho lanserte ulike moglegheiter for kva som kunne vera aktuelt å få til i nær framtid. Blant anna vart gåtur og pensjonistmiddag nevnt som eit særs populært tilbod. Svien avslutta med å seie at dei alltid er varmt velkomne til fjells og at ho gledar seg til å sjå dei.
Prosjektleiar for Leva heile livet, Joanke Wissink, guidet så resten av møtet med å ta opp dei ulike delprosjekta om bustadutvikling, digitalt heile livet, aktivitet i felleskap og møteplassar. Alle innspel var kjærkomment og fleire ytra sine verdifulle meiningar og ynskjer for framtida. Desse innspela skal vera med å forme vegen vidare for Leva heile livet i Vang.
Til slutt fekk folkehelsekoordinator og frisklivsrettleiar, Caroline Solie Bryntesen og fysioterapeut Karina Nyborg avslutte møte med å snakke om Sterk og Stødig - fallforebyggande trening for seniorer, som startar opp til hausten att. I tillegg ga dei alle deltakarar på møtet ein liten smakebit på eit utval øvelser frå Sterk og stødig.