Fullsizeoutput 167A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Inspirerande prosjekt i Vang kan blåse liv i Distrikts-Norge

Inspirerande prosjekt i Vang kan blåse liv i Distrikts-Norge

21. september 2021
Eit stjernelag av innovatører frå Valdres ynskjer å revitalisere Vang ved å byggje ein kraftfull sentrumsklynge på Klokkarhaugen. No går dei til topps i Gnist!

- Prosjektet i Vang er eit strålande eksempel på kva som skjer når designere, kommuner og næringsliv finn saman. Mange kommuner i Norge strevjer med dei same utfordringane, og eg trur overføringsverdien frå dette løsningsforslaget er betydeleg, både i Valdres, Innlander og i resten av Noreg, seier Malin Kock Hansen i Design og arkitektur Norge (DOGA). 

Ho er leiar for Gnist, eit innovasjonsprogram for steds- og næringsutvikling i lokalsamfunn. Gjennom Gnist-programmet vil kommunane få hjelp til å ta tak i sine utfordringar, og snu dei til moglegheiter og nyskaping. Parallelt med at dei beste løsningane frå årets runde av Gnist presenteres, går DOGA og Nordig Edge i gang med å leite etter nye kommunar. 

 

Omstart for Vang sentrum

I Vang kommune i Innlandet var det konseptet ¨Klynga på Klokkarhaugen¨som gjekk til topps. Vinnerbidraget foreslår ein real omstart for Vang sentrum: Eit robust og fleksibelt bolig-og næringskonsept med tilhøyrande møteplassar. 

Aeralplanleggar Ingeborg Lunde er imponert over kor grundig vinnarane har arbeida med problemstillinger og moglegheiter i kommunen. 

- Vang kommune har i mange år jobba målretta med bygdeutvikling. Gnist-programmet har gjeve oss verdifull kunnskap om korleis vi kan arrangere innovasjonskonkurransar, og korleis det kan skape engasjement og nytenking, seier ho. 

Lunde meine ein av styrkene til ¨Klynga på Klokkarhaugen¨ er at designarane har dratt med seg lokale aktørar. Dette vil vera avgjerande for å lykkast med å skape eit levande sentrum i Vang, understrek ho. 

Ho fortel at kommunen arbeidar med ein detaljregulering av området på Klokkarhaugen, og at timingen på vinnarbidraget er svært god. 

 

Behov og begeistring 

Det er eit team beståande av vangsjeldningene Eirik Høyme Rogn og Endre Vik, Sommerhoteller-eier Trine Grann, Vinjerock-sjef Sigrid Skjerdal og den utflytta valdrisen Marius Waagard som har kome opp med vinnarprosjektet. 

- Vårt konsept tek utgangspunkt i ein grundig kartleggjing av behova til innbyggerane og det lokale næringslivet. Dette gjer oss ein forankring som vil være heilt avgjerande for realisering av forslaget. Samstundes har vi lagt lista ganske høgt for uteareal og dyrking av naturkavlitetar. Me håper dette kan skape begeistring lokalt. Behov og begeistring i skjønn forening er ein god suksessoppskrift, seier Eirik Høyme Rogn. 

 

Dette er Gnist:

Gnist er eit innovasjonsprogram for kommuner som vil jobbe på nye måtar med stads- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy til å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter og nyskaping.

Målet er å bidra til nye arbeidsplassar og meir attraktive lokalsamfunn i heile landet. Programmet er initiert av DOGA og Nordic Edge, i samarbeid med Distriktssenteret, Innovasjon Norge, Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP), KS, Siva, Forskningsrådet og Husbanken.   

Norconsult er engasjert til å drive følgeforskning og metodeutvikling for å bidra til kompetansebygging og skalering. Følgeforskningen finansieras av DOGA, Distriktssenteret og fylkeskommunene Innlandet, Rogaland og Troms og Finnmark.