Onsdag 3. mai kl 19:00 inviterer Vang frivilligsentral til ein unik intimkonsert med Frida Ånnevik på Vang folkebibliotek.
Ånnevik kjem frå Ridabu utanfor Hamar, og er på veg mot å bli ein av dei store norske. Med ei unik stemme og originale tekstar går ho rett til hjarte på både kritikarar og eit breitt publikum.
«Synlige hjerteslag» frå 2010 vart kåra til årets beste norskspråklege album av NRK P1, og sidan har ho vunne ei rekke kulturprisar, inkludert Spellemannspris i både 2014 og 2017 - sistnemnt for albumet "Her bor".
Ånnevik turnerer mykje for tida, og gler seg over å besøke landets krikar og krokar: - Det er fryktelig stas å gi ut plate, og enda mer stas er det å få dra ut og spille låtene live og se hva som skjer med dem da. Det er fint å få sjekka om publikum i Bergen ler av de samme tinga som publikum på Ullensaker, om noen i Haugesund har mista noe i det siste, om noen fortsatt husker teksten på Strået og om noen har gifta seg til "Vant til stemmen din" siden sist. Jeg gleder meg!
Og det er fleire som gler seg; - Dette er heilt klart det største for oss denne våren, vi er utruleg glade for å få Ånnevik til Vang og gler oss stort til denne konserten, seier leiar på frivilligsentralen Marte Tangen.
Med seg til Vang har Ånnevik gitarist Haldor Røyne, med røter frå Vestre Slidre. Det er fri entré på konserten - vel møtt!