- Eg har trua, verkeleg! Hvis ikkje hadde vi ikkje vore her, ler Jo Engebretsen.
Og med stort pågangsmot og positivitet har ekteparet Engebretsen no tatt over drifta av Tyinstølen, og er klare for å blåse liv i både kaféen og overnattigstilbodet.
- Det er veldig spennande og vi gler oss til å komme ordentlig i gang. No i starten vil vi ha ope i helger og ferier, så må vi prøve å tilpasse oss behovet etterkvart. Det er berre å følgje med på Facebook for oppdateringer om opningstider, smiler Michelle Engebretsen.
Forelska seg i plassen
Jo og Michelle er busatt ved Dal på Eidsvoll og er begge ansatt i anleggsbransjen, i kvar sin lederjobb. På fritida er det likevel fjellet som kaller, og begge er glad i nye eventyr ute i naturen.
For tre år sidan fekk dei nyss i at den såkalla ¨Tyskerhytta¨ ved Tyinstølen var til sals, og endte opp med å kjøpe eiendommen etter å ha forelska hodestups i plassen.
- Det er jo ein utrolig flott plass, og me forelska oss jo heilt i stedet her. Altså, utsikta frå vindauge er heilt magisk, og turmoglegheitene her er upåklagelege. Vi har ikkje angra ein dag, smiler Michelle.
Ho fortel at det var då dei la merke til Tyinstølen, og at kaféen sjeldan var ope, noko dei synes var litt leit.
- Me var jo mykje i området og tenkte alltid at den kaféen burde vært ope, det ville jo vore skikkelig trivelig her oppe. Og det var vel litt slik det heile starta, at me vart ordentlig kjent med eigarane, og at det etterkvart opna seg ei moglegheit for å drifte stedet, fortel ho.
Får energi av å være i fjellet
Ekteparet Engebretsen har akkurat hatt sine fyrste opne helger på Tyinstølen og godt fornøgd med å endeleg vera i gang. No ser dei fram til å skape eit tilbod både for fastbuende, hyttefolk og turistar.
- Planen er å ha litt servering her medan kaféen er ope, ein enkel lunsjmeny, drikke og kaffe/ te. Det er jo perfekt å komme inn hit etter ein tur i fjellet, anten til fots eller på ski, smiler Engebretsen.
- Vi er jo her uansett, så for oss er det berre triveleg å kunne bidra til at kaféen er ope. Man får jo veldig energi av å vera her oppe i fjellet, og me brenn veldig for at folk skal føle seg velkomne når dei kjem, legg ho til.
I tillegg til å drifte kaféen har Michelle og Jo også ansvar for utleige av hyttene som tilhøyrer Tyinstølen, to små og ein litt større. Alle hyttene ligg på Airbnb og er mogleg å leige via deira nettside. Det er og eit rom i kjellaren i kafébygget som er mogleg å leige for overnatting.
Spent på fortsettelsen
Med to vellykka opningshelger kan Jo og Michelle no sjå framover og utvikle plassen videre slik dei ønskjer.
- Det viktigaste no i starten er å komme ordentlig på plass og rett og slett spre det glade budskap om at vi held ope og det er mogleg å komme innom, seier Jo.
I tillegg til å vera kokk på kjøkkenet, er han også Tyinstølen sin turekspert. Jo har nemleg lang erfaring frå forskjellige ekspedisjoner og har blant anna kryssa Svalbard, Hardangervidda og Finnmarksvidda.
- Han er vår duracellkanin her på huset. Alt frå karbonadesteiking til snømåking og lokale turtips, han er alltid i sving, ler Michelle.
Og med to nye, kreative drivarar i full sving er det ingen tvil om Tyinstølen no er i dei beste hender.
- Me er veldig spent på korleis fortsettelsen blir, me håpar jo at folk tek turen og kjem innom. Anten for ein lunsj etter tur eller berre ein kaffekopp. Me skal sørge for å ha fyr i peisen og kaffe på kanna, smiler Jo.