Fyrstkommande laurdag er det opningsfest for Jokerspace i Ryfoss, eit såkalla «makerspace» med Valdresvri, som mellom anna kjem til å huse kodeklubb kvar veke i vinter.
– Vi dreg i gang med både koding, design, 3D-printing og fleire andre aktivitetar under opninga og satsar på at interesserte frå alle Valdres-kommunane dukkar opp, fortel primus motor Gudbrand Heiene i Skaperkraft Valdres.
- Lær meir om makerspace og kodeklubb her.
Lokalet er i same bygg som Jokerbutikken i Ryfoss og samarbeidet med eigar Tom Kjetil Tørstad har vore godt i arbeidet fram mot opning.
– Det er eit heilt rått lokal vi har fått i Ryfoss. Dette vert ein fantastisk stad for både born og vaksne i åra som kjem. Kodeklubb startar opp allereie frå neste veke med opplegg tysdagar og torsdagar annankvar veke via kulturkontoret i Vestre Slidre, fortel Heiene.
Skaperkraft Valdres etablerte seg som eit samvirkeforetak i sommar og Jokerspace er det fyrste store prosjektet dei har landa. Foretaket har fått på plass ein del av finansieringa frå Oppland Fylkeskomune og Valdres-kommunane, samstundes jobbar dei no aktivt for å få inn private bidrag.
- Det er godt å koma skikkelig i gang no. Målet vårt her og vidare framover med Skaperkraft Valdres er at vi «uavhengig av alder, bakgrunn og bransje - skal la folk utforske det ukjente, kjenne det tradisjonelle og med det skape nye moglegheiter»,avsluttar Heiene.
Program for opninga
10:00 Opningsseremoni med kaffe saft og kaker
10-12 Aktivitetar for born, unge og vaksne. - Koding av Micro:bit og LEGO Mindstorm Koding på Scratch Design og trykk di eiga T-skjorte (1. er gratis.) Design og skjær ut din eigen lille boks i kryssfiner (1. er gratis) Demonstrasjon av micro:bit-drona Air:bit. Ta gjerne med eigen datamaskin om du vil.
12:00 Innføringskurs i 3D-printing: Frå enkelt design til ferdig print. Ta med eigen PC med installert programvare LES HER
14:30 Vidare kurs i 3D-printing: Vedlikehald, problemløysing og meir om modellering
Du kan bidra
Jokerspacen er også eit dugnadsprosjekt der bygda stiller opp med innsats, gåver og duppedittar som aukar bruksverdien av plassen.
Pr. no er dette på lista over ynskjer ved oppstarten (Ta kontakt med Gudbrand Heiene på 41 33 54 96 eller gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no om du kan bidra)
Hjelp til
Vask etter byggeprosessen (helst før laurdag)
Kakebaking til opninga
Kaffekoking og servering under opninga
Enkel handtering av datafiler for alle som vil lage seg boks på laserkuttaren
Enkel styring av laserkuttaren (enkelt)
Noko henting av møbler rundt omkring
Av utstyr treng vi fortsatt:
TIL SOSIAL SONE
Komfyr (60 cm)
Sofabord
Kjøleskap
Vannkoker
Kaffetrakter
Oppvaskmaskin
Vannkoker
Vaffeljern
Stekerist
Dekketøy
Serveringsfat
Bestikk
Kjeler og kar og steikepanne
Lysestaker
TIL VERKSTEDENE
Alt av handverktøy til tre, metall og elektronikk
Høvelbenk
Skrustikke
Sirkelsag
Bordsag
Sveiseaparat
Sveisemaske
Bormaskin/bor
Loddebolt
Smergelskive
Pussemaskin
Vanlig symaskin
Industrisymaskin
Andre spannande maskiner
Arbeidsbenk
Skap, skuffer, verktøytavler, hyller og oppbevaringsboksar
Utstyr for flisoppsamling
Skøytekablar
Alt som kan vere til glede og nytte i eit "multiverksted"
Oppdatert liste finn du i denne facebookposten.