AP-leiar Jonas Gahr Støre kjem til Vang sundag for å få direkte innspill til Arbeiderpartiet sine prioriteringar framover.
– Vi lyt nytte høvet når leiaren for landets største politiske parti vel akkurat oss i Vang for å få våre synspunkt. Møtet er ope for alle, så her treng ein absolutt ikkje vera AP-medlem for å ta turen. Engasjement for bygda er det viktigaste, og det er det mange her som har, fortel Marta Bjørnøy Lalim varaordførar i Vang.
Saman med ordførar Vidar Eltun kjem ho til å leie møtet som altså er på Mjøsvang Kafé sundag 1. mars klokka 18.