Laurdag 3. desember kl. 18 inviterer Vang Kulturskule til julekonsert i Vang Kyrkje. Både noverande og tidlegare elevar opptrer denne kvelden.
-Sidan kulturskula vart starta i 1986 har det vore mange flotte stunder og innslag av elevar i Vang, fortel kulturskulerektor Oddbjørn Skeie, som inviterar heile Vang til storstilt markering av 30-årsjubileet.
Konserten er sett saman av innslag frå dagens elevar. I tillegg er vinnarane av Drømmestipendet for Vang kulturskule invitert. På gjestelista finn me og Kristina Heensåsen, Guri Solberg og Margrete Daae Mæland som alle har markert seg innan musikk.
Gunnar Baden, som har vore rektor mesteparten av desse 30 åra, er konferansier under konserten, og det er fri inngang.
Showdans og teater på Høre skule
Feiringa held fram med intimkonsert, tysdag 6. desember kl. 18 på Høre skule. Elevar ved showdans og teater syner seg fram denne kvelden. Det vert og servering av kake og saft, og fri inngang.
- Me vonar at folk i Vang vil sette av desse datoane, og bli med på feiringa avsluttar Oddbjørn.