Anne Kristin Oldre, Bettina Rognås, Geir Katevoll, Lars Heen Moe og kurshaldar Chatrine Leine Nøkleby  jobbar her med bukettar og julegrupper.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Jul i gartneriet på Lund

Jul i gartneriet på Lund

13. desember 2018

Lund arbeidsbase satsar på nye ting i gartneriet no før jul med stort utval i blomstrar, dekorasjonar og julepynt. 



– I tillegg til dei tradisjonelle juleblomstrar finn du mange flotte allergivennlege blomstrar i gartneriet som passar fint til jul, fortel Marit Gjærdingen, leiar ved Lund arbeidsbase VTA.

Dei lager også julegrupper på Lund ut frå ynskje og bestilling i tida fram mot jul.

– Handlaga flotte julegåver er eit anna av satsingsområda dette året. Flotte fuglebrett handlaga i minilaft som tåler godt ver og vind i Vang, fuglebandstaur, trekassar i diverse storleikar laga i gamalt materiale og interiørstigar av hesjastaur er noko av julegåvene du kan finne i gartneriet, fortel Gjærdingen.

Torsdag 20. og fredag 21. desember vil Chatrine Leine Nøkleby stå i gartneriet og seta samen flotte bukettar av både tulipanar og amaryllis til kundene.


- Her er det ingen grunn til å reise lange vegar for å få seg ein flott bukett friske blomstrar til jul, avsluttar Gjærdingen.