Lystenning, nissemarsj og tett program syter for julestemning i Ryfoss.
– Godt samarbeid mellom handelsstanden og lokale lag er grunnmuren i arrangementet saman med alle små og store som kjem og er med på å skape stemning og lage ein triveleg kveld i Føsse, fortel Inger Kongslien Tveit frå arrangørgjengen.
Arrangementet startar klokka seks med nedtelling til lystenning. Det vert lys i juletreet, samt dekorasjonar i begge endane av gata og julestjerna oppå Utsikten, fortel Inger. Så står den årlege Nissemarsj med faklar på programmet der alle går ei runde til Putten, byggefeltet og nedatt i sentrum der dei minste få nissemarsjmedalje.
– Ja, så kjem sjølvsagt nissen. Han har med sekken sin med gøttepøsa te dei minste. Høre mannskor kjem også for å syte for maksimal julestemning denne kvelden.
Ellers byr kvelden i Ryfoss på dette:
- Butikkane held øpe te kl 2000 – goe tilbud hjå alle.
- Julegløgg og peparkaker blir i år servert ute ved bålpanner.
- I år som i fjor har me julequiz – eit julespørsmål hjå alle og det er fine premiar.
- Frisørsalongen har dropp inn frå kl 1600 – 2000.
- På treningssenteret er det gratis trening for alle, og ”spasenga” er også gratis.
- Belindas hud og velvære stiller inne på frisørsalongen, der ein kan bestille time.
- Sara`s kafe er open til kl 2000.
- YX – bensinstasjonen har knallpris på drivstoff, heile helge!
– Me håpar me på like godt oppmøte som i tidlegare år, avsluttar Inger Kongslien Tveit.
Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Belindas hud og velvære, Føsse studio og Sara`s kafe står saman om arrangementet.