Koseleg Fredagspoker på Mjøsvang (3 of 11).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kanonkveld

Kanonkveld på Mjøsvang
 kafe

11. mars 2019

Det vart ein supersosial Fredagskos med pokerturnering på Mjøsvang fredag med nesten seksti rundt pokerborda, mellom dei ni nye sambygdingar.

I sjølve turneringa dominerte kvinnene, som seg hør og bør på kvinnedagen, og stakk av med tre av fem premieplassar. 

– Poker og Fredagskos var skikkelig bra kombinasjon. All ære til Frank Thune og resten av pokerklubben som opnar dørene. Det var ekstra artig å sjå mange unge og mange nye i kveld, og at næringslivet stiller opp med stilige premiar, seier Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Både Intersport Filefjell, Ryfoss Betong, Elektromontasje AS, Jotun Bygg, Monter Kvismo, Innovangsjon, Vang Autoservice, Mjøsvang kafe og Fagernes fold'em stilte med premiar. 



Her er dei premierte;

  1. Helge Bjørneseth
  2. Eva Johansen
  3. May Liss Leithe
  4. May-Britt Sveberg
  5. Zydrius Petkevicius
Pokerklubben opnar dørene

Sjølv om premiane var solide og kortspelet i fokus var det fyrst og fremst ein supersosial kveld både rundt pokerborda og for dei som vart slått ut etter kvart. Akkurat som det brukar å vere når det er pokerlag i Vang.

– For alle nye som tykte poker var spanande og har lyst å bli betre kjend med miljøet i Vang, er det berre å finne Grindafjell poker og mjød på Facebook og sende ein førespurnad, fortel primus motor i klubben og mannen bak fredagens arrangement, Frank Thune.

Klubben er ein uformell og aktiv møteplass i Vang der det er turnering nesten kvar fredag gjennom heile vinteren. 



– Det var artig med såpass bra oppmøte på pokerkvelden og vi håper fleire dukkar opp hjå oss ut over seinvinteren, avsluttar Thune.