- Eg brenn veldig for at folk skal koma seg opp og ut, være i bevegelse og få frisk luft. Aktivitetsglede har så mykje positive helseeffekter både fysisk og mentalt, seier Kine Johanne Kvannefoss engasjert.
Nyleg starta ho opp friluftskonkurransa; Vangs-tråkket. Ein lavterskel konkurranse for dei som likar å vera i aktivitet og dei som vil lære noko nytt om Vang! Hjå forskjellige bedrifter i bygda og ved ulike aktiviteter finn du no eit treskilt med QR-kode. Denne koda kan du scanne for å vite meir om staden du er på, og å fylle ut skjemat for å vera med i trekningen om fete, lokale premiar.
- Sjølv har eg lært utruleg mykje om dei ulike bedriftene og forskjellige aktivitetane i Vang. Eg er jo opprinneleg frå Oslo, så dette har vore veldig bra for lokalkunnskapen min, ler Kvannefoss.
Kine legg også opp til at fleire skal lære mykje nytt om Vang! Når du scanner QR-koden, vil det dukke opp informasjon om bedriften eller aktiviteten, f.eks åpningstider, kva dei selger eller forskjellige funfacts om stedet du er på!
- Tanken er jo at ein i tillegg til å vera i fysisk aktivitet, også skal benytte seg av bedriftene sine tilbod rundt om i bygda. Og om ikkje anna hvert fall vite om kva slags moglegheiter som finst, smiler ho.
Spent på responsen
Vangs-tråkket har vore levande live berre nokre få veker, men allereie har fleire byrja å engasjere seg og benytta seg av konseptet.
- Det er faktisk nokon som har begynt allereie, det er veldig kjekt å sjå. I tillegg har det komme inn nokre tips om fleire bedrifter og aktivitetar, så det er veldig kjekt! Dette er jo eit konsept som heile tida kan byggjast på, og utvikles, seier Kvannefoss.
Hittil er det 51 bedrifter og aktiviteter som er moglege å besøke i Vangs-tråkket. Kine håpar at konseptet er noko som fenger mange, og at fleire hiver seg på etterkvart!
- Dette er jo ein heilårs-greie eigentlig, og her kan ein gå åleine eller med familie og venner! I tillegg er det ingen begrensning på kor mange gonger ein kan scanne kvar kode, så her er det berre å fyre laus, ler Kvannefoss.
- Det ligg også nokre kodar på facebooksida til Vangs-tråkket, spesielt stedsuavhengige aktiviteter, som f. eks skitur, aketur og gåtur, seier ho.
Har du lyst til å vera med på Vangs-tråkket? Då er det berre å finne fram mobilen og turskoa - og traske i veg! Meir informasjon om utplassering av QR-kodar finn du her.