Denne helga er det klart for førjulsmarknad på Øye skule. Tradisjonsmat, tekstil, husflid og mykje anna er å få kjøpt.
Som alltid er det siste helga i november som gjeld for marknaden. Det vert over 20 utstillarar på plass, med sal av:
- Skinn og lærarbeid
- Lefser, lefsekling, kranseake og annan tradisjonsbakst
- Rakfisk
- Spekepølse
- Tradisjonsbakst
- Strikking
- Toving
- Ost
- Kalender
- Bøker
- Gele, chutney, brente mandlar og andre godsaker
- Pluss mykje meir
Gjesteutstillar i år er «Høvda sylv og tre». Vang Røde Kors hjelpekorps står for sal av lapper og kaffi.
Opningstider
Laurdag: 11:00 - 16:00
Sundag: 12:30–16:00 (Gudsteneste i Øye kyrkje 11:00)
Marknadskomiteen ynskjer alle hjartleg velkommen!