24. september - 2. oktober kan du delta på ulike arrangement på alle biblioteka i dalføret. Vi har i år litt ekstra fokus på barn og unge, og det blir fleire arrangement for barnehagebarn og skuleelevar. Vi pangstartar litteraturfesten med fire framsyningar med Huldra Hildur. Ei musikalske framsyninga for barn som handlar om stølsliv.
Arrangementet som krev mest er barnebokbad: i forkant av litteraturfestveka skal elevar på mellomtrinnet på fleire av valdresskulane lesa ei bestemt bok og lære seg kunsten å bokbade ein forfattar. Vi gler oss veldig til at forfattaren av den valde boka, Julia Kahrs, besøker skulene og elevane får prøvd ut det dei har lært under litteraturfesten!
Det er mykje interessant og spennande på programmet elles også. Av høgdepunkt kan vi nemne Are Sende Osen som kjem og fortel om Noreg si kongerekke, Ingvild Grane pratar om gåver du kan lage sjølv og Cecilie Enger skal samtale om den nyaste boka si «Det hvite kartet». I tillegg blir det høgtlesing for eldre i alle kommunane, og vi skal glede diktinteresserte med dagens dikt.
Detaljert program blir offentleggjort når det er klart. Hald kalenderen open for kulturelt påfyll til hausten!