Med ekspressbussane tilbake i rute, eigen kongegevegbuss og nett-bestilling til evigunge MB-Bitihorn på Bygdin, er Vang klart for sommargjester.
Lokaltrafikken og ein del av ekspressbussane ligg på entur.no, men for Vang sin del manglar noko. Her er resten av oversikten.
- Valdreseksekspressen trappar opp med stadig fleire avgangar til og frå Oslo.
- Øst-Vestekspressen mellom Lillehammer og Bergen gjennom Valdres startar opp att med daglege avgangar.
- MB Bitihorn som går over Bygdin i Jotunheimen har førehandsbooking her.
- Kongevegbussen startar opp rute frå måndag 29. juni og køyrer dagleg til 16. august.
- Elles køyrer Vangivaldres taxi og Transportpartner Valdres deg dit du vil i Vang anten du kjem med buss og skal på fjelltur eller du har andre ærend.
God kollektivsommar! Og ja, kombiner gjerne med nokre av desse opplevingane!