Enkle kommunikasjonsgrep gjer stor forskjell anten du er møteleiar, held eit foredrag eller gjennomfører ein medarbeidarsamtale. Nina Schjeide er av dei mest røynde foredragshaldarane i landet på dette temaet, og deler sine beste tips under eit gratis kurs i Vang, onsdag 11. mars kl 13.30 - 16.00.
Nina Schjeide er skodespelar, samtaleterapeut og konfliktmeklar, og ein etterspurd kursleiar og foredragshaldar i organisasjons- og næringslivet. I foredraget tar ho for seg til dømes kroppsspråk, fyrsteinntrykk, fokus på mottakaren og smittande engasjement, samt gode tips for deg som frå tid til annan skal presentere ein bodskap eller ein idé for ei stor eller lita forsamling.
«Kommunikasjon foregår alltid på to nivåer samtidig,» skriv Schjeide på si nettside gjennomslag.no, «Det er alltid mye mer enn ordene dine som påvirker hvordan mottakeren oppfatter det som blir sagt. Det trenger ikke være hva du sier som gjør at mottakeren reagerer positivt eller negativt, men hvordan du sier det.»
Kurset er eit samarbeid mellom Vang frivilligsentral, som ein del av årets satsing på ‘mestring og læring’, og rådmann, som arrangerer ei fagsamling for leiarane i kommunen denne dagen. Kurset er gratis og ope for alle, og vi håper til dømes næringslivsrepresentantar, leiarar i frivillige lag og andre som ønskjer å bli enno betre til å kommunisere tar turen til VBU denne formiddagen.
Kvar: auditoriet på Vang Barne- og Ungdomsskule
Når: onsdag 11. mars kl 13.30 - 16.00