Laurdag 18. juli startar Marianne Solheim og Kongevegbussen opp att den populære ruta som fraktar vandrarar på Kongevegen fram til dei ulike delstrekningane.
I år gjer utviklinga på Kongevegen at bedriftsnettverket og Solheim aukar kapasiteten med ei ettermiddagsrute i tillegg til morgonruta.
Morgenruta skal gå i heile sommar fram til 28. august. Ettermiddagsruta skal gå frå 1. juli til og med 7. august.
Mens morgenruta går frå Lærdal rådhus klokka 08:30 med retur frå Tyinkrysset klokka 10.00, skal ettermiddagsruta gå frå Seltun klokka 15.30 med retur frå Tyinkrysset til Lærdalsøyri kokka 16.35.
Begge rutene er daglege og meint for vandrarar og lokalbefolkninga. Bussen blir drifta utan offentleg stønad av Marianne Solheim og drosjeselskapet hennar, Solheim Taxi.
-For det første er det mange vandrarar som skal heim etter endt vandring. No aukar me sørvisen til desse og køyrer dei heim med ei ettermiddagsrute.
-For det andre kjem det nye satsingar på Kongevegen i år som gjer at Kongevegen treng ei ettermiddagsrute som infrastruktur. Mellom anna blir det satsa kraftig på sykkel.
Det seier dagleg leiar Odd Helge Brugrand i Kongevegbedrifter Filefjell SA, som er namnet på bedriftsnettverket med 40 lokale bedrifter som jobbar under paraplyen «Kongevegen over Filefjell».
Han minner om at Solheim sin kongevegbuss også er ei bussrute for lokalbefolkninga.
-Det er tynt med bussruter over Filefjell og dei to som går, går tidleg på dagen. No får me ei rute på ettermiddagen også, seier Brugrand, og viser til at bussen følger gamle E16 opp Lærdal til stadar der ekspressbussane har slutta å gå. Bussen korresponderer med bussruter på Valdres-sida.