Sjå Kalandra sin splitter nye musikkvideo The waiting game - spelt inn på Tyin i vinter! Du får også litt bakomprat med dei involverte partane, og ein intimkonsert med bandet.
Kalandra består av vangsgjelding Jogeir Daae Mæland, Katrine Ødegård Stenbekk og Florian Bernhard Døderlein Winter. Med en unik miks av nordisk folk, popmusikkens hooks og det eksperimentelle vever dei intrikate melodiar inn i eit forlokkande lydbilete. Dei siste åra har dei spelt på support-turnéar for Gåte, Wardruna og Seigmenn, laga musikk til HBO-serien Beforeigners og vore på turné gjennom heile Europa.
Debut-albumet er rett rundt hjørnet, og deira neste singel og aktuelle musikkvideo 'Waiting Game’ kjem offisielt ut 10. oktober.
Slik skildrar Jogeir prosessen med innspelinga:
"Sammen med Ragnarok Film og Location Vang og prøvde vi i Kalandra et lite kunststykke. Helt avhengig av værgudenes støtte, 1000 meter over havet med et fult filmcrew med dyrt og skjørt utstyr, skulle vi filme en 6 minutters one-shot musikkvideo på Tyin. Midt på vinteren. Etter 7 dager med opprigging, øveopptak, og forberedelser, kom vi endelig frem til opptaket vi trengte, og nå er vi endelig klare til vise frem resultatet!"
Velkomen til ein forrykande heilaften!