Lukkeleik AS vann anbodet på sekretariat for kontrollutvalet i Valdres og tilsett Synnøve Sørum Falkendal som ein del av pakka. Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum vert base for arbeidet.
– Eg har lenge levert administrative tenester til kulturfeltet og det er spanande både å utvide leveransen og styrke staben, fortel dagleg leiar i Lukkeleik AS, Anne Marte Før.
Anbodet er einstemmige vedteke i alle kontrollutval i Valdres og det er intensjon om å skrive under avtala mellom Lukkeleik AS og alle kommuner i løpet av sumaren.
Lukkeleik AS held hus på Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum og har hovudfokus på med foto, tekst og prosjektleiing.
Rett kompetanse
Synnøve Sørum Falkendal har studert psykologi og juss og jobbar som «risk- og compliance-ansvarleg» hjå Valdres Sparebank i ei 80 % stilling. No fyller ho resten av årsverket som ei viktig brikke for Lukkeleik AS i arbeidet som mellom anna kontrollutvalsekretariat.
– Det er signering av kontrakt i dag og oppstart 1. juli. Dette vert ein ny og spanande utfordring for meg der eg får nytta både utdanning og erfaring, seier Sørum Falkendal.
Korleis dei løpande oppgåvene vert fordelt mellom dei to er av det fyrste dei vil se på i sumar.
– Vi kan litt ulike ting og utfyller kvarandre godt. Det er eit godt utgangspunkt for å gjera sekretariatsjobben stabilt og godt, samstundes som Lukkeleik AS er i posisjon til å ta på seg også andre jobbar. Vi riggar oss for vekst, avsluttar Før.