Med brillene på tuppen av nasen, målebandet rundt halsen og fargerikt stoff i hendene, løper Sølvi Havro som ein jojo mellom kvar symaskin denne måndagskvelden. Nokon treng hjelp med å tre nåla riktig, nokon lurer på kva for ein søm dei skal sy og nokon lurar på kor i alle dager dei skal starte.
Det er med andre ord hektisk for Sølvi. Men, ho gløder medan nål og trå går på kryss og tvers over bordet.
- Eg synes det er ordentlig artig å få lov til å inspirere og lære desse unge jentene grunnleggjande teknikkar innan handarbeid. Det jo kunnskap som er kjekt å ha med seg i livet, smiler Havro.
I Ung Husflid får barna lære grunnleggende handverksteknikkar, som strikking, veving, broderi eller trearbeid.
Viktig å ha det gøy
Annakvar måndag møtes denne gjengen på Haukåsen, frå 15.00-18.00. Sølvi fyrer i peisen, ordner mat og sett fram utstyr jentene treng for å kunne lære og arbeide.
- Dei tek skulebussen hit rett etter skulen, og då er det viktig at dei får mat før me sett i gang med kveldens prosjekter. Skal ein lære, så lyt ein fylle på med energi, seier Havro.
Volumet er ofte høgt rundt matbordet, latteren sitt løst og energien stig i takt med kreativiteten. Snart er dei klare for å ta fatt på dagens prosjekt.
- Me lager mykje forskjellig, blant anna har me sydd handlenett og vesker. Så får dei sjølvsagt vera med å bestemme litt sjølve, og lage ting dei har lyst til. Det aller viktigaste er jo at dei har det gøy og at iveren får blomstre, seier Havro.
Medan læremesteren hjelper til der det er behov, sprett dei unge syerskene rundt og leikar seg. Det er tydeleg at dei har det artig, og at det å meistre oppgåvene Sølvi gjer dei, er givande.
Fram mot våren skal denne gjengen lære mykje meir og Sølvi har spikra eit opplegg ho så fint skal geleide dei i gjennom.
- Det er mykje spennande og artig i vente! Denne flotte gjengen eg har med meg er så engasjert, at dei knapt er ferdig med eit prosjekt, før eit nytt er på gang. Så er eg veldig heldig og har med meg Ann Iren som god hjelpar kvar gong, slik at vi alltid rekk å hjelpe alle, smiler Havro.
Sjå fleire bileter frå Ung husflid nedanfor.