Fullsizeoutput 178C
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kristian lærte ungdommen å mjølke

Kristian lærte ungdommen å mjølke

12. november 2021
Denne veka kom mangeårig norgesmester i mjølking, Kristian Krubel Djupnes til Vang for å halde mjølkekurs! Ein engasjert gjeng med ungdom fekk både teori og ein praktisk del i fjøset på Tveit gard.

- Eg har aldri halde kurs slik som dette før, så det er ein ny oppleving. Det er ein engasjert gjeng som er interessert og eg håpar dei har lært mykje nytt, samstundes som dei har hatt det artig, smiler Kristian Krubel Djupnes. 

Torsdag kveld var det fyrst ein teoretisk del i Tveit klubbhus - med pizza attåt! Her fekk fem engasjerte, unge karer ein innføring i alt fra dyrestell, dyrevelferd, handtering av utstyr og anna praktisk info. Kristian har over 10 års erfaring som avløysar og har fleire NM titlar i mjølking. I tillegg har han faktisk vore med på Farmen for nokre år sidan! 

- Eg er avløyser fyrst og fremst fordi er trives med dyr og er interessert i at dei skal ha det godt. Det er utruleg tilfredsstillande å sjå at det arbeidet eg legg ned, gjer at dyra har det bra og bonden er fornøgd. Då kan eg gå heim og tenke at eg har gjort ein god jobb, seier Krubel Djupnes. 

 

Praktisk del på Tveit gard 

Vang avløyserlag SA, Tine produsentlag i Vang og Vang Bondelag var arrangørar. Bonde Knut Tveit Rogn og Inger Kongslien Tveit opna fjørdørane for mjølkekurset denne kvelden, og lot dei fem, unge karane prøve seg som avløysarar. 

Kvar og ein fekk på rundgang lov til å setje teori ut i praksis, og Kristian rådførte medan ungdommen mjølka alle kyrne denne kvelden. Kanskje har Vang på sikt rekruttert fem nye avløysarar?

Kvelden var prega av latter og læringsvilje, og alle hadde ein inspirasjonsrik kveld med Kristian på Tveit gard!