IMG 6385
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kristine startar opp Studio Flatland

Kristine startar opp Studio Flatland

14. mars 2024
Med hjerte for merkevarebygging og formidling startar no Kristine Flatland Larsen opp Studio Flatland i Vang!

- Det er veldig spennande å starte opp for seg sjølv, det føles naturleg og riktig å ta det steget no, smiler Kristine Flatland Larsen. 

For etter at Vinjerock ga Kristine og sambueren Simon smaken på livet i fjellet, valgte paret å flytte til Valdres på nyåret. Kontoradressa til Studio Flatland er allereie flytta inn på Kontorfellesskapet 1724, og på sikt ønskjer også Kristine og Simon å ende opp i Vang!

- Den store draumen er jo eit småbruk, men me har ikkje hastverk og ventar til det rette dukkar opp, seier Flatland Larsen. 

 

Lidenskapelig opptatt av design 

Då flyttelasset gjekk til Valdres, vart også Studio Flatland starta opp. Kristine er nemleg utdanna grafisk designer og tekstforfattar, og har i mange år jobba i større firmaer, både i Bergen og Oslo. No har ho tatt steget og startar opp for seg sjølv, og satsar på kunder i Valdres! 

- Valdres er jo eit populært område, og det er veldig kjekt å kunne starte opp sitt eget her! Ein stor fordel er at eg kjem nærmare kundane mine, og kan ha eit endå tettare samarbeid med dei, smiler Flatland Larsen. 

Lokale firma som Valdres Energi er på kundelista, og hun har tatt på seg jobben som frivillig grafiker for Vinjerock. No håpar ho at endå fleire ser verdien i å markedsføre bedrifta si på ein god og målretta måte.

- Gjennom Studio Flatland tilbyr eg fleire forskjellige tjenester. Eg arbeider med alt frå merkevarebygging, logo, kommunikasjon og historiefortelling. Nokon gonger er eg med heilt frå start, medan andre gonger kjem eg inn og videreutvikler eit konsept, seier ho. 

- Å bygge merkevare er viktig for å skille seg ut blant mengden, og fortelle kunden hvorfor de skal velge akkurat deg og din bedrift. Det er veldig artig og viktig arbeid for at en skal lykkes med å nå ut til riktig folk, smiler Flatland Larsen. 

No er Studio Flatland rigga på Kontorfellesskapet 1724 og klar for å hjelpe akkurat din bedrift med å bli endå meir synleg!