Foto: Yngve Ask.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kulinarisk fredagskos på Sommerhotellet

Kulinarisk fredagskos på Sommerhotellet

02. juni 2022
Sumaren står for tur og saman med Sommerhotellet arrangerer vi kulinarisk fredagskos 24. juni frå 18.30!

Den gode matopplevelsen står i fokus når Sommerhotellet og Innovangsjon ber inn til fredagskos i slutten av juni. Ein litt ekstragavant kveld der smaksløkane tas med på ei kulinarisk reise du aldri vil gløyme! 

Kjøkkensjef Tone Log lovar ein lokal og stuttreist 3-retters meny, godt i glasset og magisk utsikt. 

Forrett:
Frisk sommersalat frå Grøne Lund med jordbær frå Lærdal og ferskost frå Olestølen
Hovudrett:
Filet av reinsdyr frå Filefjell, servert med urtebakte nypoteter frå Lærdal, gulrotpuré, grilla vårlauk frå Grøne Lund og sylta granskudd.
Dessert:
Lun rabarbra med mynteiskrem og karamellisert kvit sjokolade.

- Fredagskos har fått på seg festdrakten og er klar for ein litt finare kveld på Sommerhotellet, det trur eg bli kjempebra! I tillegg lovar vi sjølvsagt quiz og ei runde i baren til vinnarlaget, seier Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad. 

Program for kvelden 
18.30 Dørane opner
19.30 Middag
21.30 Quiz
22.15 Fest  

Påmelding innan 17. juni til ida@vangivaldres (eller sms til 48090059)

CC: 525,- (Kort/ Vipps) GRATIS FOR NYE SAMBYGDINGAR!
Øl og vin
18 år aldersgrense