Det er klart for glaskunst og strikkedesign på høgaste nivå helga 21. og 22. september på Haukåsen. Venninnene Rannveig Gjevre frå Vang/Svolvær og Anne Hilde Øigarden frå Hedalen/Aurdal stiller for fyrste gong ut arbeider saman.
Med historie saman heilt tilbake til hybeltida ved Valdres gymnas på slutten av syttitalet, er tema for utstillinga «to veninner møtes».
- Vi var båe kreative sjeler som engasjerte seg i kyrkjeleg arbeid og vi vart for venninner, fortel Rannveig.
Dei to nære venninnene møttest att på studiestaden Menighetsfakultetet og gjennomførde sine teologi-og presteutdanningar der.
Ulike retningar
Etter endt studie tok dei kvar sin veg i livet. Anne Hilde hadde si presteteneste på ulike stader i Austlandsområdet. For Rannveig gjekk vegen nordover til Lofoten og Svolvær. Etter tjue -tredve år med aktiv presteteneste var tida inne for forandring.
– I Svolvær vart ein kjær hobby gjort til levebrød. I 2009 sa eg opp fast stilling i kyrkja og blei handverkar og strikkedesigner på fulltid, fortel Rannveig.
Nokre år etter gav også Anne Hilde kreativiteten meir rom i sitt liv. Glas blei hennar uttrykksform.
Salgsutstilling
I september møtes venninnene og lagar felles utstilling med arbeida sine. Møtestaden er Haukåsen i Vang. Der blir det salgsutstilling med glas og strikk.
Anne Hilde arbeider i «fusing-teknikk» og lagar symbol og bilde i glas. Ho vil at forma og fargen skal uttrykke symbolske verdiar. Englar i ulike utgåver, både til å henge opp og til å ha i lomma, er hovudmotivet. «Pilegrimsengelen» er bestselgaren.
Rannveig strikker i reine naturmaterialar og glade farger. Ho har jakker, sjal og skjerf med til utstillinga fredag 21.sept. og laurdag 22.sept.
Fakta
Adresse: Haukåsen - Liagardsvegen 601 i Vang
Fredag 21.sept. kl.12-18
Laurdag 22.sept. kl. 11-16
Det blir kafè med salg av rummegraut- spekemat- kaffe og lappar