Vang kommune ynskjer å høyre kva du meiner er viktig for å skape eit livskraftig lokalsamfunn i framtida. På 15 minutt kan du no vera med å stake ut det du meiner er riktig kurs. Innbyggjarundersøkinga er heilt anonym og baserar seg på at du skal svare heilt ærleg om dine tankar og erfaringar. Alle over 13 år kan delta på undersøkinga.
Bur du ikkje i kommunen, men har hytte/fritidsbustad her vil Vang sjølvsagt høyre di mening. Berre kryss av for deltidsinnbyggjar i starten av undersøkinga. Då svarer du på spørsmåla i undersøkinga med utgangspunkt i kommunen du har hytte i.
Vang kommune, Distriktssenteret og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) vil ha stor nytte av svara dine i samband med prosjekt knytt til lokal og nasjonal samfunnsutvikling.
Resultata vert gjort tilgjengeleg på nettsidene til kommunen og Distriktssenteret. Spørjeundersøkinga vil også bli nytta i ei eit doktorgradsarbeid ved NMBU, som vert fullført i 2023.
Svarfrist i løpet av 6. januar.
Du finn innbyggjarundersøkinga via denne linken.
Eller scan QR-koden i bilete nedanfor.