Ragnhild Lund har landa Statsteateret til Vang og Åsvang samfunnshus fredag 9. november.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kvalitetsteater til Åsvang

Kvalitetsteater til Åsvang

23. oktober 2018

Det er klart for ei teaterhending av dei sjeldne i Vang når Cato Skimten Storengen, Gard Eidsvoll og resten av Statstetaret kjem til Åsvang skule med forestillinga Aker Brygge 1980 fredag 9. november.

– Det er fire kjende fjes eg har vakse opp på teateret og dei har gjort stor suksess med både denne og tidlegare førestillingar henta frå noregshistoria. Det er stort å få dei til Åsvang med jappetid, slapstick og mykje gjenkjenning som stikkord, fortel Ragnhild Lund som har fått Statsteateret til Vang.


Forestillinga er fredag 9. november. Dagen etter speler dei i Cato Skimten Storengen si heimbygd Hedalen.

- Det er Åsvang eller Hedalen som gjeld for denne forestillinga. Det er litt tøft! Eg vart kontakta av nokre bergensarar i førre veke som ikkje hadde fått med seg forestillinga når den var i byen og sa at Vang var nærmaste spelestad for dei, så det blir eit variert publikum denne kvelden, fortel Lund.

Billettar får du ved å tingje til aasvangbilletter@gmail.com. Det vert også lagt ut billettar for sal på Coop Fjellvang frå onsdag.

- Vi prøver også å få til skikkeleg åttitalsfest etter førestillinga, men detaljane kring det kjem vi tilbake med seinare. Eg kan i alle fall garantere at eg skal setje opp håret like ille som det såg ut på 80-talet, seier Lund.

– Hysterisk morosamt

Dagleg leiar på Frivilligsentralen i Vang er også utdanna skodesepelar frå Statens teaterhøgskule. Ho er tydeleg på at det er store ting som skal skjem på Åsvang i november.

– Eg veit ikkje om de er heilt klar over kva slags begivenheit som er i ferd med å finne stad i bygda vår. Altså Statseatret er ein teatertrupp som eg lett dreg eins ærend til Oslo for å sjå. Og no kjem dei Åsvang, seier begeistra Tangen.

Ho meiner dette er kremen av norsk teaterkunst og har sjølv sett fire av dei føregåande oppsetningane deira.

– Det er leikent, lærerikt og til tider hysterisk morosamt, det er norgeshistorie med ein real tvist, og det osar alltid av speleglede og kjærleik til formidlinga

K
unsten å selge sin egen mor

Statsteateret sjølv omtalar årets stykke på denne måten: 

«

1980 Aker Brygge - Eller; kunsten å selge sin egen mor»

Statsteatret tar deg med til 80 tallet og til sangen om det frie marked. Vi tar deg tilbake til tiåret der lønnsomhet, emisjon, korrupsjon, Innside Trading og Milking the Cow ble en del av vokabularet. Tiåret da off -white ble en farge, og vi alle ble Poco Loco.
Vi møter brødrene Wilhelm og William, og følger deres eventyrlige ferd gjennom børs, bank og boligspekulasjon. Og ikke minst skal vi følge brødrenes kulinariske reise fra fiskepinner hos mor, til møtet med kinesisk, indisk, vietnamesisk og japansk kokkekunst i 80 tallets Oslo. Velkommen til Fame, Sweet Dreams og Dancing in the Dark.



Vi hadde Faith og møtte mang en Material Girl som ville Take on Me eller Beat It. Og om Eye of the Tiger stirret på oss, så stirret vi tilbake. Vi har alle et Hungry Hart so Wake me up before you Go-Go, cause I see True Colors and I am Walking on Sunshine, så kom igjen, Lets Dance! Nothings Gonna Stop Us Now, Take my Breath Away, Cause I Cant fight this Feeling, Baby, I am Free - Free Fallin ́



We didnt start the Fire, men vi var alle med på The Final Countdown.
Velkommen til Statsteatrets 8. ende kapittel av Norgeshistorien.


Aker Brygge – hvor drømmer blir til, og boblene brister.