P1090378b.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kvardag i krisetid

Kvardag i krisetid

13. mars 2020

Nokre oppdateringar om kvardagen i  Vang i desse kristider.

Vi forheld oss som alle andre til dei nasjonale retningslinjene og kommunen oppdaterer til ein kvar tid relevant informasjon på sine sider. I korte trekk er skule, barnehage og sjukeheim stengt. Det same er Frivilligsentral, bibliotek og alle arrangement av ulike slag.

Treng du kontakt med det offentlege som legekontor, NAV eller kommuneadministrasjon bruk telefon eller e-post for å gjera avtale. Følg elles kommuneoverlegen i Vang for siste nytt om helsetiltak i Vang.

Matbutikkene og bensinstasjoner held ope og vi oppmodar som alle andre plassar om å ikkje hamstre. Både Joker Ryfoss, Coop Prix Fjellvang og Joker Tyinkrysset tilbyr heimkjøring av varer. Jokerbutikkane har nettbutikk, mens Fjellvang når du via butkiksjef Anine Rauken Kattevold 61367530 // Fjellvang.prix@coop.no

Oppmodinga frå alle Valdres-kommunane og nasjonale føringar er at hytte-eigarar held seg i heimkommunen i desse krisetider. Vi takker for at du følgjer dette rådet og gledar oss til å sjå dykk at så fort situasjonen er avklara.

Fleire næringsaktørar i Vang har sett store begrensningar på drifta si og set ansvar framfor økonomi i krisetider. Banksjef hjå lokalbanken Valdres Sparebank, Arnfinn Helge Kvam, understrekar at banken strekk seg langt for dei som treng det og at bedriftskunder som er ramma absolutt lyt ta kontakt med banken sine rådgjevarar via telefon eller e-post.

Skiheis er stengt og langrennsløyper vert ikke køyrt framover. Også persontransporten inn til Eidsbugarden vert stengt for ei periode og alle eteplasser i kommunen har stegnt ned. Sjekk innom nett- eller facebooksider før du legg turen innom desse då dei kan verta stengt på kort varsel.

Elles er både ein stølstur, kortspel og ein filmkveld triveleg.

Lykke til!