Trenar for kvinnene sitt elitelandslag i langrenn, Geir Endre Rogn, pratar for næringslivet i Vang under siste næringsfrukost før sommaren.
Temaet for innlegget er «Gode sammen» - noe å ta med seg fra toppidrettens metoder?
– Det er fleire gode parallellar mellom å lukkast som idrettsutøvar og lukkast som næringsdrivande, så det vert spanande å høyre korleis verda sitt for tida beste landslag jobbar for å nå måla sine, seier næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
Ved sidan av innlegget vert det innlegg frå kommunen og Innovangsjon om kva som er på agendaen om dagen. Samt at nye bedrifter i Vang presenterer seg.
Næringsfrukosten er onsdag 19. juni klokka 09:00 på Mjøsvang kafe. Valfri (og særs anbefalt) frukostbuffet kr. 100,-