AV: Marte Tangen - Vang frivilligsentral.
Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!
Du treng ikkje si noko. Du treng ikkje ein gong å ha lest boka. Nokon analyserer, nokon berre les, andre synest det er artig å få innhaldet gjenfortalt og analysert av nokon andre og samanlikne det med si eiga leseoppleving.
- Å vere med i lesesirkel inspirerer meg til å lese noko eg ikkje ville valt sjølv, seier Lisbeth Engebretsen. Liv Leine stemmer i, - Eg har starta å lese teikneseriar på grunn av lesesirkelen! - Og så er det artig å høyre andre sitt syn på boka, fortsett Lisbeth, - om ein til dømes ikkje likte den i det heile tatt kan andre vere heilt begeistra, og då kan ein få lyst til å lese den igjen med nye auge.
Kari Birgit Lien har nettopp blitt med i gjengen. Kjente ho på eit prestasjonspress då ho var med første gongen? - Tja, alt er litt skummelt første gong, men dette her er berre hyggeleg, smiler ho. - Ein treng ikkje delta aktivt, men om ein vil så kan ein ta det som trening i å fortelje eller beskrive kva ein har opplevd.
Marianne Isachsen leiar lesesirkelen. Dei diskuterer i fellesskap kva dei vil lese framover, og biblioteket bestiller inn fleire eksemplar slik at alle som vil kan låne boka. - Jeg synes det er utrolig interessant hvor forskjellig inntrykk vi kan ha av en og samme bok. Vi legger merke til ulike ting, vi “ser” boka fra vårt eget ståsted. Det er spennende å rett og slett få innblikk i hvordan en bok oppfattes, og dette åpner opp for mange interessante samtaler, seier Marianne.
Velkomen til både nye og gamle lesarar!
Faktaboks
- I lesesirkelen les dei først og fremst romanar, men også bøker i andre sjangrar, som teikneseriar, novellesamlingar, diktbøker og sjølvbiografiar.
- Lesesirkelen møtast på Vang folkebibliotek med ujamne mellomrom, følg med på biblioteket sine heimesider eller kom innom og spør når neste kveld er.
- Å vere med i lesesirkelen er gratis og ope for alle!