I samband med prosjektet «Leva heile livet» og temaet «Aldersvenleg samfunn» oppmodar Vang kommune innbyggjarane til å delta i gjestebod. På denne måten ynskjer kommunen å leggje til rette for og auke brukarmedverknaden i kommunal planlegging. I Menigheitsbladet som kom til påske står det litt meir om prosjektet.
Prosjektgruppa for «Leva heile livet» skal lage ein plan i løpet av 2022, og prosjektgruppa treng innspel frå dykk om ulike tema. Planen skal handsamast politisk til hausten.
5 verter har teke på seg oppgåva å gjennomføre gjestbod. I gjestebodet skal de drøfte ulike tema, og vertane skal gje attendemelding til prosjektgruppa seinast innan veke 33.
Gjestebodet varar i omlag 2 timar.
Me håper at du vil bidra når du blir invitert til gjestebod 😊
På vegne av prosjektgruppa for «Leva heile Livet»
Prosjektleiar
Joanke Tito
Joanke.tito@vang.kommune.no
Tlf 95404279