Rå tomter og stort engasjement for Vang skaffa Øyvind Leine Thune og tomtefeltet Krøsvølhaugadn plass i Oppland Arbeiderblad førre veke. Faksimile Oppland Arbeiderblad.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lyfter fram bustadinitiativ

Lyfter fram bustadinitiativ

16. mars 2021
Mange bidreg til breidde i bustadmarkanden i Vang for tida og både NRK og Oppland Arbeiderblad har no vitja unge utviklarar som satsar.

I førre veke var utbygginga hjå Øyvind Leine Thune i Krøsvølhaugadn via mykje merksemd i Oppland Arbeiderblad (for abo.).

«Jeg har jobbet med å etablere dette feltet i seks år, og ser at det å ha et mangfold i tomtetilbudet er viktig for å bidra til at en kommune som Vang får flere innbyggere, sier han. Av de første seks tomtene er tre solgt. Han har også interesserte for de resterende», fortel Leine Thune i saken.

Denne veka fulgte NRK opp med sak på Klukkargrende som lanserte sitt konsept for eit par veker sidan. Gjennom både radio, TV og i denne nettsaken får vi høyre om konseptet med åtte nøkkelferdige bustader.

«Fra vår side handler det om å imøtekomme de behovene vi har følt på selv og som vi tenker flere andre der ute har. Poenget er å prøve å gjøre det lettere for folk å velge bygda,» seier Eirik Høyme Rogn i saken.

Det nærmar seg også sal av nøkkelferdige tomannsbustader i Fjellheim panorama, kombinert med fire eksisterande utleigeeiningar og fire einebustadtomter.

At tre unge initiativ utviklar eigedom i Vang sentrum på same tid er rett og slett rått!

Føsselie i Ryfoss

Fyrst ut av nye tilbod som er salsklare er det den nye kommunale feltet i Ryfoss som etter planen kjem for sal i midten av april.

– Tomteprisane og nokre detaljar skal opp i kommunestyremøtet i slutten av mars, men vi håpar å
vera i sal frå 15. april, fortel ordførar i Vang Vidar Eltun.

Ryfoss har hatt solid utvikling som bygdesentrum dei siste åra og det gamle byggjefeltet der er no
sluttseld. Det nye feltet har fått namnet Føsselie og har 21 byggjeklare tomter denne sommaren
som skal seljast via meklar i fyrste omgang.

– Her er høve for både einebustader i fleire kategoriar, samt at fleire av tomtane også kan nyttast til
tomannsbustader. Med alt som skjer i Ryfoss og kort veg til arbeidsmarknaden i heile Valdres vert
det spanande å få desse tomtene ut på marknaden, seier Eltun.

Det er elles kommunale tomter att både på Åsvang, Bøflata, Steintræet i Vang sentrum og på
Tyinkrysset. Også ved Klukkarhaugen i Vang sentrum er det aktuelt å utvikle både næring og
bustader.

Elles minner vi om at både tomter, utleigeobjekt og objekt for sal er på finne her på vangivaldres.no.