Grunneigarar, utbyggarar og kommune er einige om finansiering av nytt vassverk og bidrag til infrastruktur på Tyin-Filefjell. Vassverket bør stå ferdig til påska 2019, samstundes er ny kommunedelplan for området under utarbeiding.
– Vi har innsett at alle lyt samarbeide og bidra for at vi skal koma vidare på Tyin-Filefjell. Det har teke noko tid å koma hit, men no har vi ei avtale til det beste for alle som brenn for området, seier Anders Hermunstad.
Han er dagleg leiar ved nybygde Joker Tyinkrysset, og representerer Fjellets Fellesgode–Finansiering (FFF). Dette er ein samanslutning av dei aller fleste grunneigarar og utbyggarar på Tyin-Filefjell.
Kommunen legg til rette
Det har vore dårleg vasskapasitet på Tyin-Filefjell dei siste åra, noko som i sin tur har bremsa for vidare satsing i området.
– Kommunen sitt mål er å legge til rette for at private aktørar kan utvikle området, dra nye gjester til Tyin-Filefjell og skape arbeidsplassar, seier Eltun.
Han er godt nøgd med at avtala er på plass og at ein no kan sjå framover.
– Ved sidan av prosjekteringa av vassverket jobbar vi aktivt med kommunedelplanen for området. Det er viktig at den både vert ansvarleg og attraktiv på same tid, og vi har fått mange gode innspel i den prosessen.
Infrastruktur og fellesgode
Ved sidan av bidraget til vassverk per selde hyttetomt eller leilegheit, er FFF også einige om bidrag til infrastruktur i området.
- Alt frå tidlegløype for langrenn til skilting, bygging av bruer, midlar til skiheis og tiltak for Kongevegen over Filefjell kan vera noko å prioritere pengar på framover, opplyser Hermunstad.
I noverande avtale er det 10 millionar til infrastruktur i potten dei neste åra etter kvart som tomter og leilegheiter vert seld.
– Vi håper også at FFF er ei samanslutning som kan bringe mykje bra med seg i åra som kjem. Vi har eit felles mål med kommunen om å auke attraktiviteten til området for hyttefolk og feriegjestar, og på den måten også gjera lokalsamfunnet meir attraktivt å flytta heim til og satse i.
Vatn til påske 2019
Nytt reinseanlegg for området vert ferdigstilt i 2017. No er målet at det nye vassverket skal vera i full drift til påske 2019.
– Etter at avtale med FFF kom på plass har vi gjort avtalar med involverte grunneigarar. Planane for sjølve vassverket har vi kome temmeleg langt med og anbodspapira går ut denne våren der ferdigstilling til påske er eit av kriteria, seier Eltun.