_B2A7998_web.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Makalaus design

Monica Søndrol med «Makalaus design»

14. januar 2015

Monica Søndrol har teke steget og starta opp bedrifta «Makalaus design». Ho tilbyr alt av design til bedrift– og privatmarknaden og held hus i #Føssefotostudio.


– Dei mange gode tilbakemeldingane frå bygdefolket har vore til stor hjelp no i startfasen, fortel design–gründeren i Ryfoss.



Gjennom firmaet «Makalaus design» tilbyr ho no produksjon av både nettsider og alt av trykksaker.


– Mindre bedrifter som har behov for å gjera seg meir kjent er typiske kundar. I tillegg gjer eg også jobbar for privatpersonar og andre, fortel Søndrol.

Firmaet har eigne nettsider og facebooksider og er klar for alt av utfordringar dei neste månadane.

Artig oppstart


Etter ei dryg veke i sving i dei nye lokala til #Føssefotostudio i Ryfoss er Monica godt nøgd med livet som gründer.



– Det er stas å dele arbeidsplass med folk i same bransje. I tillegg er det eit stort pluss at kollegaene er trivelege og lokalane freshe. Det er også artig å verta kjent med folk her i Ryfoss, det kjem innom trivelege folk kvar dag!


Namnet «Makalaus design» dukka opp etter ein lang prosess i vår med nettsak her på vangivaldres.no, sak hjå Avisa Valdres og mange diskusjonar.

– Eg ville ha eit dialektnamn og etter å ha fått mange innspel på epost dukka namnet opp i diskusjon med nokre vener. Eg tykkjer namnet høver seg godt til ei designbedrift i Valdres, fortel Søndrol, som også ynskjer å skryte litt av Vang kommune i høve oppstarten av bedrifta.

– Det nye næringsstipendet er kjempeflott for oss som vurderer å starte egen bedrift. Det betyr mykje å bli sett og at kommunen viser vilje til å hjelpe oss i gang. Søknad er sendt, og eg ventar spent på svar!