Lokalmatleverandørane i Vang fekk gode innspel og vart samde om ein lokal matveg vidare under fellesmøtet i førre veke.
– Vi er særs godt nøgd med både oppmøtet og engasjementet, fortel styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol.
Agenda for møtet var inspirasjon og samarbeid. Eventyrsmak frå Buskerud var på plass for å fortelje om korleis dei jobbar i lag. Også Valdreskvalitet og landbruksrådgjevar Guri Grønolen hadde teke turen til Vang denne kvelden.
– Alle foredraga fungerte særs godt, og ikkje minst diskusjonen produsentane i mellom etterpå var fruktbar, meiner Lerhol.
Her kasta også Vinjerocksjef Julie Forchhammer seg inn og fortalde kva festivalen ser etter i si omfattande lokalmat–satsing. Både volum, punktlegeheit og produksjonstilhøve er viktig, understreka ho.
Alt i alt vart mange tankar vart lufta, og ein vart meir eller mindre einige om både arbeidsoppgåver og satsingar. Her er hovudpunkta:
- Ein såg det som ikkje hensiktsmessig å etablere ein felles merkevare frå Vang i denne omgang, men heller bygge opp under jobben som vert gjort med Valdreskvalitet og mat frå Valdres.
- Innovangsjon fullførar jobben med å samle informasjon og bilete frå alle lokalmatprodusentane i databasen på vangivaldres.no. Dette vert også samla i ein enkel faldar.
- Det var eit ynskje om at Innonvangsjon skipar til fleire samlingar med kompetanseheving og samarbeid i fokus.