- Tenk at det har gått 10 år allereie, det føles nesten litt uverkeleg. Tida har gått fort, og me har hatt ei bratt læringskurve frå då me starta opp, smiler Hanne Fjeld, dagleg leiar ved Mjøsvang Kafé.
Tida flyr i godt lag, seier dei. Og det kan sjå ut til å stemme for Mjøsvang Kafé! Møteplassen i bygda som rommer så mangt er blitt eit viktig knutepunkt for både dei lokale, og for dei som kun er på gjennomreise.
- Det er litt der me vil vera og, at me rommer mykje og har plass til alle. Mjøsvang Kafé skal vera ein plass der alle føler seg velkomne, seier Hanne.
Bratt læringskurve
Mykje har skjedd på dei 10 åra Mjøsvang Kafé har eksistert. Hanne fortel at det var overveldande å ta på seg jobben som dagleg leiar i 2012, uten å eigentleg ha den type erfaring.
- Det var både skummelt og spennande på same tid. Eg jobba eigentleg på Filefjellstuene og hadde vore der i mange år, både som lærling og som fast ansatt, seier ho.
- Så fekk eg ein telefon med spørsmål om eg kunne tenkje meg å bli leiar på Mjøsvang. Tida var nok litt moden for å prøve noko nytt, så eg stupte inn i rolla og har ikkje angra ein dag sidan, smiler Hanne.
Det fyrste året var prega av bratt læringskurve og mykje nytt å setta seg inn i. Hanne var heldig med å få med seg både Anna og Inga - driver av Vang Kro, med på laget vidare.
- Det har var heilt supert! Anna er her fortsatt, som fast ansatt, og Inga er ofte med når me har litt større arrangementer, noko eg er veldig takksam for, seier Hanne.
- I tillegg har me utruleg gode eigarar. Dei er våre største støttespelarar og hjelper til med alt mogleg. Dei er me skikkeleg takksamme for å ha med oss i ryggen, smiler ho.
Heile tiden utvikle seg
Per dags dato er det no fire ansatte på Mjøsvang Kafé, i tillegg til nokre ungdommar som hjelper til, og Inga som alltid stiller opp når det er litt større arrangementer på planen!
- Me er ein veldig fin gjeng som arbeider her no, og me har det utruleg artig i lag på jobb. Det er ein viktig faktor for at me alle trivst på arbeidsplassen vår. Så, det blir mykje latter, smiler Hanne.
Og jevnt over det er nok å henge fingrane i for gjengen på Mjøsvang. Dei siste åra har dei fast servert middag til Brødrene Dokken i vekedagene. I tillegg er det ofte mykje arrangementer og tilstelninger, samt den daglege trafikken med lunsj og middagsgjester.
- Det er ofte travelt, men det er jo bra! Det å heile tida utvikle seg er viktig for både motivasjon og det å halde liv i kafeen, seier ho.
- For ein del år sidan byrja me og å ta på oss oppdrag med å lage kake på bestilling. Det er verkeleg blitt populært, og me får ein del henvendelser på bestilling og det er jo kjempeartig, smiler ho.
Ein anna stor del av drifta til Mjøsvang er leilighetene dei har til utleie, like ved kaféen.
- I juli og august er me alltid fullbooka, og det er mange som er interessert i å få overnatting her. Det er eit stort behov for slike type overnattingsplasser her i Vang, så det er gledeleg å få vera med å tilby det, seier den daglege leiaren.
Opptur etter korona
Det er ingen hemmelighet at pandemi, reglar og restriksjoner gjorde det vanskeleg for mange bedrifter. Mjøsvang Kafé var intet unntak. Hanne fortel at koronapandemien har vore den største utfordringa dei har møtt på, sidan dei starta opp i 2012.
- Det har heilt klart vore den største utfordringa me har møtt på. Det var rett og slett beintøft og veldig vanskeleg å forhalde seg til. Ikkje minst var det slitsomt for alle ansatte, seier ho.
- I tillegg til alle reglar, så mista me jo mykje av kundemassen vår. Folk var meir heime og dro ikkje ut, mange av våre faste bestillingar vart kansellert og det var generelt lite trafikk. Eg er veldig glad for at det endeleg er over, legg ho til.
Etter ein vanskeleg periode gjennom pandemien, var det difor ekstra gledeleg at året 2022 vart eksepsjonelt bra, med mykje folk og bra trøkk.
- Heile 2022 har eigentleg vore over gjennomsnittet bra. Eg trur det heng saman med pandemien, at mange hadde behov for å ta igjen mykje av det tapte. Det er jo veldig fint for oss, sjølv om det har vore eit hektisk år, ler Hanne.
Vil sjå framover
Med ein epoke bak seg, er det på tide å sjå framover. Kva vil dei neste 10 åra bringe for Mjøsvang Kafé?
- Me har ein ambisjon om å fortsette å jobbe godt og skape ein god møteplass, både for dei som bur her, og dei som kjem på besøk. Me skal fortsette å lage god mat, vera på tilbudssida og skape ein god atmosfære i kafeen, smiler Hanne.
- Så er det ikkje til å stikke under ein stein at det er litt vanskeleg å tenkje langsiktig, når ein veit at det kan bli ein mogleg stening av Lærdalstunnelen i 2024. Det vil i så tilfelle bli veldig vanskelig og nok ein utfordring me må forhalde oss til, legg ho til.
- Me mister uansett ikkje motet, og skal fortsett å jobbe for Mjøsvang kafé og alle våre kundar. Me krysser fingrane for at det løser seg på eit vis, smiler Hanne.