Velkomen til feiring av den internasjonale morsmåldagen, på Vang folkebibliotek, torsdag 21.februar kl 12.00.
– Det blir dikt, songar og historier på mange forskjellige språk - mellom anna tysk, albansk, arabisk, oromo og tyrkisk, fortel Marte Tangen ved Frivilligsentralen i Vang.
Etterpå blir det enkle aktivitetar for dei som vil lære meir, teste språkkunnskapene sine eller bli kjent med andre.
Morsmålsdagen vart etablert av Unesco i 1999 med mål om å fremme språkleg mangfald og fleirspråklegheit. 2019 er også det internasjonale året for urfolkspråk, og vi håper å få med nokre samiske bidrag i årets feiring.
Det blir snakka om lag 300 språk i Norge, og om lag 6700 i heile verda. Og halvparten av desse er i ferd med å forsvinne! Vi har feira denne dagen i fleire år på biblioteket i Vang, og set stor pris på dei mange som vil dele av sin kultur, og bidra til å vise fram det rike mangfaldet vi har i den vesle bygda vår. Arrangementet er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, biblioteket, mottakssenteret og læringssenteret i Vang.