Det er henteklarepakker på Lund arbeidsbase no.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Munnbind-dugnad

Munnbind-dugnad

18. august 2020

Med stor omsetning av munnbind på legekontoret trengs det fleire frivillige til sy-dugnaden.

Denne våren har frivillige i Vang sydd både smittevernfrakkar og trelags munnbind til fleiregongsbruk som vert seld til kostpris (100 kr) på Vang legekontor.

– Det er dei frivillige som har lagt ned utallige timar i vår og i sommar og som framleis står på som har syta for dette tilbudet. No ser vi at det går unna fleire munnbind enn kva vi klarar å produseres, så vi tek gjerne fleire med på dugnaden, fortel Marit Gjærdingen som er avdelingsleiar ved Lund Arbeidsbase. 

Dei har organisert dugnaden sidan i mars og over 200 av munnbinda er allereie produsert
(Avisa Valdres, abo)

Eg vil bidra

Om du har lyst til å bidra til dugnaden - ta kontakt med Marit eller Lund arbeidsbase for å avtale det praktiske: Marit.Gjerdingen@vang.kommune.no // 61 36 86 00 //  90 10 66 17.

- Dei som deltek får utdelt pakker med alt naudsynt materiale og ein instruksjon. Og vi er alltid tilgjengelige for å svare på spørsmål og anna og håper fleire vert med på laget no.