Med venteliste for utstillarane og hundrevis av handlelystne innom i løpet av helga står julemarknaden i Øye sterkare enn nokon gong.
Alltid siste helga i før advendt. Alltid høg kvalitet. Alltid mykje folk. Det er stikkorda for dei ti fyrste åra med julemarknad på samfunnshuset i Øye der mat- og handverksprodusentar frå Vang og Valdres sel produkta sine til lokalbefolkning og hyttegjestar.
– Vi er fleire inne til å dele på oppgåvene framfor arrangementet og med oppslutning som i dag er det klart vi vert motivert for å halde fram, fortel Kari Hermunstad. Saman med Ingebjørg Wigdel har ho vore involvert i marknaden i alle ti åra og sjølv sel ho eigen bakst på marknaden.
No har altså både Marit Gjærdingen, Iren Remmen og Bjørg Berge og fleire av dei andre utstillarane også engasjert seg i planlegging og gjennomføring av marknaden.
Laurdag var det anslagsvis 250 personar innom marknaden, mens det var noko færre sundag. Ein eigen jury var ute på oppdrag heile laurdagen og enda opp med å kåre Hovda sylv og tre som beste stand for året.
Anders Lundberg med boka om Filefjell var gjesteustillar i år, mens laget for funksjonshemma syta for kafedrift.
For deg som vil kjøpe lokalt utanom sesong finn du oversikt over både handarbeid og matprodusksjon på vangivaldres.no.
Ellers treff du mange av produsentane under julegateopninga på Tyinkrysset laurdag 7. desember frå 12 til 17.