Næringsutviklar Dag Inge Bruflot gjorde greie for kven han er, korleis han arbeidar og kva for prosjekt som er på blokka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Næringsfrukost (1)

Mange på fyrste næringsfrukost med Bruflot

07. oktober 2015

Nesten tretti personar var på plass på Mjøsvang kafé tysdag morgon for næringsfrukost. Ei oppdatering på kommunale prosjekt og ein grundig introduksjon av næringsutviklar Dag Inge Bruflot stod på menyen ved sidan av ein overdådig frukost-buffet. 


– Målet og einaste alternativ er sjølvsagt vekst. I den forstand at vi skal være vesentlig høgare mot «toppen» enn sammelignbare regioner. Det er viktig at vi i Vang tar regien for eigen utvikling på våre premissar. Gjerne i samarbeid med andre, innleia Bruflot. 

– I dette arbeidet vil eg vera eit upolitisk og fordomsfritt kontaktpunkt for alt av eksisterande og framtidig næringsliv i kommunen. Samtidig som eg vil ha eit fundament av fleire tema for forretning- og næringsutvikling med meg, sa Bruflot under det timeslange møtet.

Vidare greia han ut om sin eigen bakgrunn og på kva måtar han ynskjer å jobbe for og i lag med næringslivet.

– Kort oppsummert betyr det at det vi gjer er vårt i harmoni med vår identitet, og det lyt vi gjera fult og heilt!

Siste del av møtet gjekk med til informasjon om konkrete prosjekt på blokka denne hausten.

Næringsfond: Saman med administrasjonen i kommunen ser han på moglegheitene for å dra i gang eit søkbart næringsfond i 2016.

Ung ressurs: Bruflot ynskjer å ta tak i det store engasjementet mange unge i bygda syner og danne nettverk, skaffe mentorar og inspirere til etableringar blant dei unge.

Høge Sprang: Samarbeidsprosjekt mellom Vang og Ål med mål om å løfte dei kreative næringane i Hallingdal og Valdres.

Generasjonsskifte: Fleire bedrifter i Vang kjem snart i ei fase der generasjonsskifte er aktuelt. Bruflot ynskjer å hjelpe dei som ynskjer det med å få til dette på ein god måte.

Mat: Eit sjølvsagt tema i Vang med det ressursgrunnlaget kommunen har. Også nytting av sideressursar ved matproduksjonen vert viktig - mest mogleg verdiskaping innanfor kommunen.

Varm aktivitet og camping: Altså overnattingsbedrifter, aktivitetstilbydarar og reiseliv generelt er noko Bruflot vil arbeide mykje med.

Hytte-eigar-incentiv: Korleis kan næringslivet i Vang samarbeide tettare med hytte-eigarane? 

Tilflytting og busetjing: Synleggjering og næringslokale er to stikkord for kva Bruflot ynskjer å fokusere på her.

– Alle politikarar i Vang snakka om tilrettelegging for næringsutvikling i valkampen. Kva konkret meiner dei med det? I tida som kjem vil eg rundt og besøke alt av næringsliv i kommunen og dei samla innspela frå dykk skal vi så spela inn til politikarane, sa Bruflot avslutningsvis.

Innleiingsvis på næringsfrukosten fortalde ordførar Vidar Eltun om kommunale prosjekt som anten var ferdigstilt eller på gang. Hyttefelt i Raudalen, nytt byggjefelt i Ryfoss, nytt hyttefelt i Grindafjell, oppdatering på Vbu og Fredheim, småkraftverk, kommunereform, vegutbygging og ladestasjonar for Elbil var tema han greia ut om. I den siste saka tok også sjef ved Vang Energiverk, Tor Masdal, ordet.

– ENOVA har sett av midlar til å byggje ut ladestasjonar på heile strekninga mellom Sandvika og Bergen. Dette går til ein nasjonal aktør som igjen spelar på lag med lokale aktørar. Vi lyt ta mål av oss om å få til tre ladestasjonar i Vang, og i lag med næringsliv, kommune og Innovangsjon kjem vil til å vera på hogget i det nokon vinn anbodet.