IMG 3359
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Næringskveld på Mjøsvang kafé

Næringskveld på Mjøsvang kafé

27. juni 2023
Onsdag forrige veke inviterte Innovangsjon og Vang Utvikling til næringskveld og ope møte på Mjøsvang kafé. Spennande og framtidsretta informasjon stod på agendaen denne kvelden!

På agendaen denne kvelden stod desse punkta: 

  • Gjennomgang av tilskotsordninga "Berekraftig samfunnsutvikling" i Vang kommune
  • Satsing på rekruttering: Lærlingløftet
  • Synleggjering av Vang i eit strukturert samarbeid
    • Samarbeidsnettverk
    • Deltaking og promotering på ulike arena
    • Skisse til organisering

 

Tilskotsordning 

Medan Mjøsvang kafé serverte deilig middag til alle oppmøtte, gjekk næringsutvikler i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot igjennom programmet. Fyrst ut var Vang kommune sine retningslinjer for tildeling av tilskudd til bærekraftig samfunnsutvikling. 

Han fortalte at formålet med tilskuddsordningen er å fremja utviklinga av Vang kommune gjennom økt busetting og næringsverksemd, og at det er nokre prioriteringar som må vera oppfylt for å få tildelt tilskudd:

  • Tiltak som sikrar eller aukar arbeidsplassar i eksisterande verksemd
    * Utvikle eller omstille verksemda
    * Framtidsretta og berekraftig retning
  • Tiltak for å etablere ny verksemd og nye arbeidsplassar * På områder som støttar opp om kommunen sitt framtidige tenestetilbod, folkehelsearbeid og lokal eller del av regional samfunnsutvikling
  • Tiltak eller prosjekt for å auke kompetanse i verksemda * Innan framtidsretta og samfunnsnyttige fagområde
    * Tenesteytande og kreative næringar.

Næringsutviklar Dag Inge kan rettleie søkjar i utfylling og kvalitetssikre innhaldet, før søkjar sjølv sender søknaden til Vang kommune. 

 

Lærlingløftet i Vang kommune 

Dette halvåret har ei prosjektgruppe beståande av Joanke Wissing og Yvonne Mæland frå Vang kommune, med Dag Inge Bruflot og Ida Nordland Hillestad frå Innovangsjon, jobba med ein pilot for å styrke og satse meir på lærlingar og lærlingmiljøet i Vang. 

Et godt lærlingmiljø i Vang vil sikre fullføring av utdanning. Det er større sjanse for at ungdommen vil bli verande i bygda, ved meir forutsigbarhet i karriereutvikling og kompemanseløp. Eit godt lærlingmiljø tiltrekk fleire unge lærlinger, og på sikt sikre Vang flere kompetente yrkesaktive personer i befolkningen, som bidrar til et levende Vang i framtiden.

Denne piloten er heilt i startfasen og prosjektgruppa har difor henta inn informasjon og inspirasjon frå dei aller beste i landet på lærlingar; nemleg Norfjord opplæringskontor - superlærling. I vinter hadde prosjektgruppa eit møte med desse for å hente tips og triks til vegen vidare, og for å få råd til korleis ein heilt konkret kan realisere ønsket om å skape eit godt lærlingmiljø i Vang.

Med i denne prosjektgruppa er det også eit ønskje å få med to personar frå privat næringsliv, samt ein representant frå lærlingene sjølv. På agendaen til hausten er det både ei frokostsamling for alle lærlingar i Vang, samt eit ope møte med næringslivet!

 

Felles promotering for Vang i Valdres 

Etter årets hyttemesse på Hellerud, vokste det fram eit ynskje om å få til ei felles promotering av Vang, der næringslivet, kommuna og Innovangsjon går saman om ein felles strategi, for å synleggjere alt det bra bygda vår kan by på! Alt frå håndverkere, lokalmat, overnattingssteder, turmoglegheiter - rett og slett heile pakka, heile Vang. 

Dag Inge presenterte tankar og moglege idear for korleis eit slik arbeid kunne foregå, og ønska at næringslivet skulle komme med sine innspel. Det er og satt ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med å stake ut ei retning, og finne ut korleis me i felleskap kan bleste Vang. Denne gruppa består av Kjell Magne Kvale - Montér Kvismo, Terje Kjøs - Tveitabru bygg AS, Magne Grihamar - Tyin-Filefjell, Ivar Hagerup - Grindafjell hytteområde, og Innovangsjon SA. 

Kjell Magne Kvale fortalte om årets hyttemesse på Hellereud, og alt arbeid dei hadde gjort på forhånd med å både trykke gensere, små brosjyrer, bannere og eigen landingsside for hyttemessa. Han opplevde i stor grad at veldig få visste kor Vang eigentleg var, og at det er nødvendig å få satt Vang endå meir på kartet. 

Arbeidet med felles promotering av Vang fortsett til hausten, når arbeidsgruppa skal lage ei skisse til moglege løysingar og presentere på eit nytt, ope møte med Vang utvikling.