- På årsmøtet tidlegare i år kom ideen om å bytte til eit meir lettbeint navn, og me endte opp med å endre navn til Vang funkislag, seier Derk Stegwee, styremedlem i Vang funkislag.
Etter at laget for funksjonshemma hadde ligget litt brakk ein stund, kom ønskje om å etablere gruppa på nytt. Med navnebytte og ei flunkende ny Facebook-gruppe, var det duka for ny giv og gnist i Vang funkislag!
- Det er rett og slett for å fornye litt og få meir aktivitet i laget. Me ønskjer at facebookgruppa vår skal vera ein naturleg informasjonskanal for dei som enten har en funksjonsnedsettelse sjølv, eller familie og venner, seier Anneli Haugland Tørstad, styremedlem i Vang funkislag.
Ho legg til at gruppa kan vera eit mindre formelt sted å dele ulik informasjon og erfaringar, samt stille spørsmål eller søke råd hjå kvarandre.
- Me håpar jo at folk vil bruke gruppa aktivt og at me alle kan ha glede av ein slik type ope plattform, smiler Tørstad.
Du kan bli med i Vang funkislag sin facebook-gruppe her.
Eit lokallag for alle
Med ny gnist i lokallaget ønskjer Vang funkislag å få til fleire samlingar og skape eit lokallag der alle er velkomne.
- Alle har rett til å leve eit godt og inkluderande liv, sjølv om det er ett uvanlig liv. Når en i familien lever med en funksjonsnedsettelse påvirker det hele familien, og Funkislagets jobb er å bistå i å informere og støtte slik at alle får tilgang på den hjelpen som er nødvendig for seg og sitt liv, seier Tørstad.
- Det er viktig å få en arena der ein kan snakke saman om dei ulike situasjonene ein står i, og vite at ein aldri er åleine, smiler ho.
Dei fortel at dei har som mål å få til fleire sammenkomster gjennom året, blant annet akedag og annet sosialt, temadager og sjølvsagt den tradisjonelle førjulsfesten.
- Alle er sjølvsagt velkomne til å bli med i Vang funkislag, og følgje gruppa vår på Facebook, seier Stegwee.