Kva og kvar er det store spørsmålet når arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim kjem tilbake til Vang for å byggje våren 2017.
I 2015 vart badstova i sentrum sett opp. Våren 2016 kom «Leikegøta» på Hensåsen på plass.
– Vi planlegg eit nytt kurs for studentar ved masterprogrammet til våren og kurset vert så bra som byggjeprosjektet er. Difor er vi heilt avhengige av gode og realistiske forslag no, fortel lærar ved arkitektstudiet på NTNU, Marius Waagaaard.
Bygget/prosjektet bør opp ein stad der det er tilgjengeleg for alle for at NTNU og Innovangsjon skal engasjere seg i det.
NTNU legg ned fleire årsverk med dugnadsinnsats i planlegging og bygging, mens både kommune, bank og fleire lokale aktørar stiller med pengar eller annan hjelp til å realisere prosjekta.
– Det har vore utelukkande positivt å bidra til Vangssamfunnet med desse prosjekta og vi er topp motivert for eit nytt prosjekt til våren. Bygging med fokus på lokal materialbruk er også viktig læring for studentane våre, fortel Waagard.
Aktivt i bruk
– Bruken av anlegga er beste provet på at dette er gode prosjekt, og vi er særs godt nøgd med at NTNU kjem tilbake denne våren, seier Hallgrim Rogn i Innovangsjon, som har vore lokalt kontaktpunkt for NTNU.
Badstova har til tider vore brukt fleire gonger same dag i sumar og haust, mens Leikegøta er både leikeplass, turmål og ein fin plass å teste overnatting med sovepose.
– Det er berre å hive frampå gode prosjekt! NTNU tek avgjerda rimeleg kjapt, så det er ein fordel om grunneigarar er inneforstått med ideane som kjem, seier Rogn.
Kontakt hallgrim@vangivaldres.no // 41222769 om du har ein god ide til prosjekt