To nye møteplassar såg dagens lys i Vang denne veka. Landbrukslunsj og næringspub baud på avslappa stemning og næringsretta diskusjonar.
– Dei uformelle rammene på desse arrangementa fungerer godt. Det er gode samarbeid med viktige aktørar i Vang bak arrangementa og vi kjem så absolutt til å gjenta dette seinare, seier næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
Mjøsvang kafe har vore arena for båe arrangementa.
Økonomi og Huga på gard
For landbrukslunsjen stod næringsutviklar Bruflot stod for økonomidelen av programmet. Etter dette var prosjektleiar Anne Live Garvik frå Huga på gard på plass for å informere om prosjektet og få innspel frå dei frammøtte.
Her vart det mykje diskusjon kring leigejord, fornuftig drift av jord og korleis ein tek i mot nye bønder som kjem til Vang.
– Det er flott med fokus på landbruket i flest mogleg fora. Det er mange som satsar om dagen, men eg er særleg bekymra for takten i nedlegginga av mjølkebruk, det har store ringverknader for resten av bygdesamfunnet, sa leiar i Vang bondelag, Gunnar Belsheim i sitt avsluttande innlegg.