Nytilflytta vangsgjelding Boye Rønningen (22) har starta utleigefirmaet Rønningen utleie som satsar på praktisk utstyr til privatmarknaden.
– Dette fungerer godt i både Gudbrandsdalen der eg kjem frå og i Oslo der eg har arbeida dei siste åra, og eg tenkjer det er ein marknad også her i Vang og Valdres, fortel Boye Rønningen som før jul starta opp Rønningen utleie.
Nettside, Facebook– og Instagram-side er sett opp, samstundes som han så smått er i gang med utleige.
– I fyrste runde er det handverkty for byggeprosjekt, men det blir både hengarar og diverse anna mindre anleggsutstyr i løpet av relativt kort tid.
Rønningen er frå Sør-Fron i Gudbrandsalen, men kjærleiken fekk han til å bytte ut pendling til Oslo med fast adresse i Ryfoss og arbeid som gravemaskinførar for Tveitabru Bygg AS.
– Det er mykje det same her og i Gudbrandsdalen og det har gått fint å verta kjent med folk. Og så var det jo veldig greit at det er bedrifter som er i vekst-modus og tilset folk om dagen, det gjekk ganske greit å ordne seg jobb!