- Det er eit litt utradisjonelt val, det er det, smiler Olav Bøland.
For der ingen skulle tru at nokon kunne skate, sykle og stå på rulleskøyter, kan ein faktisk det no! I eit gamalt klasserom i øverste etasje i Thorpe grendehus, er det slettes ikkje gamle pulter og skriveblokker lenger.
Her er sykkelramper, hopp og belegg på veggane. No skal nye minner skapast her inne.
- Det stod ferdig allereie i mai ei gong, men på våren er ein mest utandørs for å sykle og skate, så eg har ikkje villet innvie det før no, seier Bøland.
Håpar på økt aktivitet
Dei fleste som kjenner Olav, veit at han er ein ivrig pådriver for å få bmx - og skatemiljøet i Vang til å blomstre. Han har blant anna bygd opp store deler av Makkenparken, held vekentlege treningar for unge i Vang, og i fjor vann han i godt lag, positivprisen for sitt engasjement.
- Eg er veldig opptatt av at unge skal ha fleire moglegheiter å velje mellom. Ikkje alle er glad i fotball, ski og klatring. Difor er det så viktig å skape møteplasser og tilbod for dei som likar andre aktivitetar, smiler Bøland.
- Å sykle, skate eller stå på rulleskøyter er utruleg artig. Det er god trening både for hovudet og kroppen. Å lære seg nye triks, krever at ein øver og tørr å prøve seg, legg han til.
Olav fortel at det har vore mykje arbeid å bygge opp skateparken i grendehuset. Både ramper, hopp og trikseveggar skulle monteres opp.
- Heldigvis har eg hatt fleire gode hjelparar med meg. Det er mange tunge løft og mykje material som skulle både ut og inn, seier Bøland.
No håpar han at skateparken vil vera med å blåse liv i både grendehuset og bmx-miljøet i Vang.
- Det å ha ein god innandørsarena å benytte på vinterstid er kjempeviktig. Dette blir ein leikeplass både for store og små, smiler han.
Opnar denne veka
Og er du allereie huga på å teste parken, så fortvil ei - den opnar allereie no på onsdag klokken 18.00!
- Det er veldig hyggeleg å få ønskje velkomen til opning av skateparken i Thorpe grendehus, fyrstkommande onsdag. Eg har venta ein stund på denne dagen, smiler Bøland.
- Det vil bli moglegheiter for å teste parken, og det er berre å ta med seg det ein måtte ønskje av sykkel, skøyter eller skateboard for å prøve seg fram, legg han til.
Olav er heller ikkje fremmed for tanken om at det etterkvart kan bli innandørs bmx-treningar på vinterstid.
- Eg har ikkje landa det heilt endå, men det er ikkje utenkeleg at det blir treningar framover, smiler han.
Velkomne til opning av skatepark i Thorpe grendehus onsdag 11. januar klokka 18.00!