Med nyoppretta vernepleiarstilling og fleire ferske pensjonistar er det storstilt rekruttering på gang i helsesektoren i Vang.
– Helsesektoren gjev varierte arbeidsoppgåver, utfordringar, mange gode kollegaer, godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, fortel Guro Råheim Kvam, helse- og omsorgssjef i Vang kommune.
Ho er tydeleg på at kommunen er ein god arbeidsgjevar og at Vang er ein fantastisk stad å bu.
– Me vil gjerne ha fleire med på laget med desse utlysningane.
Dette er stillingane
Alle dei kommunale stillinga ute no er samla her. Alle stillingar ute i Vang no er samla her på sida. For spørsmål om stillingane er kontaktperson oppført på kvar og ein.
Lurar du på noko om Vang eller arbeidsmoglegheiter her, kontakt gjerne oss i Innovangsjon SA.
Næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757). Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).