– Det skjer mykje i Hugavike no, og det vil nok vera merkbart for dei som bor i området, seier byggeleiar Edvin Rye i Statens vegvesen og prosjektleiar Jan Lima i Hæhre Entreprenør.
Prosjektet har eigen heimeside, og har nett kome med ny informasjon til dei som er tettast på utbygginga.
I all hovudsak er bodskapen at det går som planlagt og at trafikken kjem til å flyte greit i sommar. Kvamskleiva har i lag med dei andre vegutbyggingane i Valdres også eigen Facebookside.
Det er verdt å merkje seg at delar av strekninga langs Kongevegen over Filefjell i Kvamskleiva er stengt fram til byrjinga av juli.