IMG 6547
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Pangstart på påsken for Tyin-Filefjell

Pangstart på påsken for Tyin-Filefjell

25. mars 2024
Superlørdag med Tyin-Filefjell viste seg å bli ein super-suksess; 51 barn deltok på historiens første Mini Moro og Sparebanken Vest delte ut 200 gratis heiskort!

- Eg er heilt overvelda over kor mange som har møtt opp, og kor strålende dette gjekk. At 51 barn tok turen hit i dag for å vera med på Mini Moro, det er artig altså, smiler Odd Tore Moen, arrangements-og aktivitetsmedarbeidar i Tyin-Filefjell. 

Første laurdag i påsken arrangerte nemleg Tyin-Filefjell Superlørdag, i godt samarbeid med Sparebanken Vest.  Dei starta dagen med å dele ut intet mindre enn 200 gratis heiskort! 

- Det at Sparebanken Vest er ein så god samarbeidspartner og ønskjer å bidra, sett me stor umåtelig pris på. I ein litt ekstra krevande og dyr tid, har det mykje å seie med ein gratis dag i bakken, seier Moen. 

 

Mini Moro for aller fyrste gong 

Dei aller fleste er godt kjent med påsketradisjonen Reint Moro, hjå Tyin-Filefjell; eit særs populært arrangement kvart år! No var det klart for barneversjonen - Mini Moro. 

- Det er rett og slett en versjon av Reint Moro for barna. Det er på sin plass, smiler Moen. 

På samme måte som dei voksne, skulle barna gjennom ei løype i barneområdet, sjølvsagt med startnummer på brystet. 

- Me var veldig spent på kor mange som ville ta turen i dag. 51 oppmøtte er rekordbra oppmøte på eit arrangement for barn, så det må me seie oss fornøgd med, seier han. 

Etter målgang fekk barna flotte goodiebags frå Sparebanken Vest. 

- No gler me oss til resten av påska. Tyin-Filefjell har eit fullspekka program resten av veka, og ønskjer å tilby arrangement og aktiviteter for absolutt alle, smiler Moen. 

 

- Kjekt å få bidra i lokalsamfunnet

Kåre Jan Mjelleli var på plass i skisenteret som representant for Sparebanken Vest. Han gledet seg stort over å se oppmøtet denne dagen. 

- Då me delte ut heiskort i dag tidleg stod det lang kø ved skisenteret, det var triveleg å sjå, seier Mjelleli. 

Han fortel at det er viktig for banken å dere tilstades på arenaer der fleire av deira kunder oppheld seg, i tillegg til at dei ønskjer å bidra på arrangementene til Tyin-Filefjell. 

- Det er veldig kjekt for oss å få lov til å bidra, og vera synlege ute i lokalsamfunnet, smiler Mjelleli. 

 

Sjå masse artige bileter frå Mini Moro i bildekarusellen nedanfor!