Over tretti møtte på årets siste næringsfrukost i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Rekordmange

Rekordmange på næringsfrukost

18. desember 2015

 
Visit Valdres, kommunebudsjett, verdien av planlegging og vekst gjennom tilsetjingar stod på agendaen under årets siste næringsfrukost i Vang som samla over tretti deltakarar.

Ein million til næringsutvikling

Ordførar Eltun var fyrst ute og informerte om næringsmessige konsekvensar av budsjettet for 2016 som vart vedteke i kommunestyret torsdag.

– Det er sett av ein million for tilskot til næringsutvikling. Her vil Innovangsjon hjelpe til i søknadsprosessen, mens formannskapet tek den endelege avgjera, innleia Eltun. Til applaus frå salen.

Andre ting på blokka var:

  • Dei største postane på investeringsbudsjettet for 2016 er 49 millionar til Vbu og 32,7 millionar til renseanlegg på Filefjell. Båe prosjekt er ferdige i løpet av året.
  • 500.000 er øyremerka for anbod og klargjering for bygging av vassverk på Filefjell.
  • Brannberedskapen i kommunen aukar i takt med at talet på tunnelar auker.
  • Strekningen Øye-Eidsbru er inne med seksti millionar i neste års budsjett. Anbod går ut i januar/februar med byggestart til sumaren. Strekningen Turtnes-Øye er inne som ein opsjon i dette anbodet.
  • Til slutt informerte Eltun om at ein aukar kapasiteten på teknisk etat ved å tilsetja ein ny kombinert planleggar og bygge-sakshandsamar
Visit Valdres

– For eit triveleg og samlande tiltak næringsfrukost er. Dette er noko å ta med seg til andre kommunar, innleia prosjektleiar i Visit Valdres, Olle Rosendal, sitt innlegg med. Han greia vidare ut om bakteppet for kvifor Visit Valdres no vert oppretta.

– Det har vore mykje snakk om organisering i det siste, men det er viktig å hugse på at Visit Valdres ikkje skal jobba for seg sjølv men for auke i omsetjinga og meir besøk til alle bedrifter i Valdres, poengterte Rosendal.

Vidare kom han med fleire råd til Vang og bedriftene i kommunen om kor viktig det er å samarbeida, samt litt skryt til Vang.

– Det er ikkje alle som har ei kommune som støttar såpass godt opp på næringssida som dykkar, det er imponerande, avslutta Rosendal.

Verdien av planar

– Det er artig å leggja ein plan. Ikkje tørt. Har du ein plan kan du gjennomføre han og i beste fall overgår du han, fortalde næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot i sin bolk på slutten av møtet.

Planlegging og vekst gjennom tilsetjingar var hovudtema her.

– I 2016 krev personalpolitikken fleksibilitet frå både tilsette og arbeidsgjevar. Det handlar om å gje og ta og å finne løysingar til det beste for bedrifta og for å skape framtidige verdiar, sa Bruflot.

Han understreka også tydeleg ovanfor næringslivet at alle som trong innspel på planarbeid og tilsetjingar i tida som kjem lyt ta kontakt.

Under spørsmålsrunda mot slutten kom det informasjons om Valdresguiden, Fjellets fellesfinansiering, samt litt diskusjon kring tema i kommunebudsjettet.